Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Komposisjon

Korleis blir handlinga fortald? Kva gjer forfattaren for å skape spenning i romanen? Dette er spørsmåla du no skal undersøkje nærare. Sagt med andre ord: Du skal sjå på komposisjonen.
Helten i musikalen Les Miserables, Jean Valjean, og hovudmotstandaren hans, politimeister Javert. Javert  pressar skaftet av sabelen sin mot Jean Valjeans hals og truar han. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viss du treng å repetere fagomgrepa som er brukte i denne oppgåva, finn du det du treng på fagstoffsida om komposisjon.

Oppdrag 1: Grunnleggjande oppbygging

  • Finst det ei rammeforteljing som hovudforteljinga er sett inn i?
  • Finst det parallelle handlingar i romanen?
  • Finst det nokon påfallande gjentakingar (til dømes fleire liknande hendingar)?
  • Eller har romanen heilt enkelt éi handling, verken mer eller mindre?

Oppdrag 2: Rekkjefølgja handlinga blir presentert i

  • Blir hendingane fortalde kronologisk (i tidsrekkjefølgje)?
  • Eller bruker forfattaren også tilbakeblikk?
  • Kva er det desse tilbakeblikka eventuelt viser eller avslører?
  • Finst det frampeik i teksten, det vil seie hint om kva som kjem til å skje?

Oppdrag 3: Spenningskurva

Mange forteljingar er bygde opp etter dette grunnmønsteret:

  • Teksten startar med ein eksposisjon eller ei opning der sentrale personar blir presenterte.
  • Ganske raskt får lesaren vite kva som er konflikten i teksten, og vi er over i hovuddelen der det skjer ei konfliktopptrapping eller tilspissing.
  • Spenninga stig fram mot eit høgdepunkt (klimaks) og blir utløyst.
  • Siste del av spenningskurva blir kalla avtoning eller løysing. Her roar handlinga seg før teksten blir avslutta.

Ein roman inneheld ofte fleire konfliktar, spenningstoppar og vendepunkt. Dessutan er det vanleg å snakke om høgdepunkt og vendepunkt i handlinga også i tekstar som ikkje følgjer den klassiske spenningskurva.

Roman med tradisjonell spenningskurve

Viss du synest romanen du har lese har ei spenningskurve av denne typen, ser du nærare på følgjande:

Innleiing

Kor høg eller låg er spenninga i starten? Opnar romanen med ein roleg presentasjon eller midt i ei spennande hending?

Spenningstoppar

Finst det éin eller fleire spenningstoppar? Kor finn vi dei i så fall?

Vendepunkt

Kva for hendingar utgjer eventuelle vendepunkt i romanen? Er nokon av desse hendingane også spenningstoppar?

Høgdepunkt/klimaks


Kva for scene er den mest spennande?

Avtoning/slutt

Har romanen ei roleg avslutning der konflikten blir løyst og trådane blir samla, eller sluttar han medan handlinga er på sitt mest spennande?

Roman utan tradisjonell spenningskurve

Dersom romanen din ikkje har noka tradisjonell spenningskurve, kan du sjå på følgjande:

  • Kor høg eller låg er spenninga i starten? Opnar romanen med ein roleg presentasjon eller midt i ei hending?
  • Startar og sluttar romanen på same staden i ein slags sirkelkomposisjon?
  • Finst det nokon vendepunkt og/eller spenningstoppar, eller har romanen ei meir eller mindre flat spenningskurve?
CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2019

Læringsressursar

Å skrive romananalyse