Komposisjon - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Komposisjon

Komposisjon handlar om korleis tekstar er sette saman eller bygde opp. I forteljingar er det handlinga som står sentralt. Når vi gjer greie for komposisjonen i ein episk tekst, seier vi derfor noko om korleis ein handlingsgang blir fortalt eller framstilt.

Opning (innleiing)

Komposisjon

  • Ordet kjem frå latin compositio og tyder "samansetjing, oppbygning".
  • Vi bruker ordet som fagomgrep i litteraturen, i biletkunsten og i musikken – og i matlagingskunsten!

In medias res

  • Uttrykket kjem frå latin og tyder "midt i hendingane".

Episke tekstar kan opne på ulike måtar:

  • Eventyr begynner med faste formular av typen "Det var ein
    gong ...".
  • Islendingesogene startar ofte med ei utgreiing om slektsforhold og annan bakgrunnsinformasjon før handlinga blir sett i gang.
  • Mange forteljingar opnar med ei skildring av til dømes eit landskap, eit interiør eller av ein eller fleire personar.
  • I noveller kjem vi ofte rett inn i handlinga. Ei slik opning kallar vi in medias res. Her er det ofte sparsamt med bakgrunns-informasjon. Berre det som er relevant for handlinga blir nemnt, og desse opplysningane kjem gjerne fram litt etter litt.

Kronologi, retrospeksjon og frampeik

Kronologi

  • Chronos er det greske ordet for tid, og kronologi tyder både "tidsrekning" og "læra om tidsmåling".

Retrospeksjon

  • Ordet har latinsk opphav og tyder "det å sjå bakover", "tilbakeblikk".

Handlinga kan vere framstilt kronologisk, det vil seie i den rekkjefølgja noko faktisk går føre seg i. I eventyr og andre munnlege forteljingar blir handlinga alltid presentert i kronologisk rekkjefølgje (tidsrekkjefølgje). Også i islendingesogene er kronologisk rekkjefølgje det normale.

I romanar og noveller derimot er det vanleg at kronologien blir broten med tilbakeblikk (retrospeksjon). Hendingane frå fortida som blir løfta fram, kastar lys over personar og handling. Retrospeksjon er eit viktig spenningsskapande element, fortida kan til dømes rullast opp litt etter litt etter kvart som handlinga utviklar seg på notidsplanet. Denne teknikken veit ikkje minst kriminalforfattarar å utnytte.

Av og til kan vi som lesarar få hint i teksten om kva som kjem til å skje på eit seinare tidspunkt. Slike hint kallar ein frampeik, og dei er blant anna vanlege i sagalitteraturen, der personar får varsel i draume om gode eller vonde hendingar dei har i vente.

Gjentaking

Eit vanleg verkemiddel i litteraturen er gjentaking. Det er ikkje berre enkeltord og setningar som kan bli gjentekne i ein tekst. Også handlingar og motiv blir ofte gjentekne i forskjellige variantar, og ein kan finne personar som har like eigenskapar, eller som handlar likt.

I eventyr er det til dømes vanleg med parallelle scener og parallelle personar. Gjentakingar og parallellar kan forsterke ein bodskap, eller dei kan få fram kontrastar mellom personane. Per og Pål prøver seg på dei same oppgåvene som Askeladden, men i motsetning til den yngste broren mislykkast dei.

Parallelle handlingar

Mange tekstar er komponerte slik at forteljaren flytter seg fram og tilbake mellom parallelle handlingar. Forfattaren bruker då ein slags kryssklippingsteknikk som minner om den vi finn i filmar. Eit slikt komposisjonsmønster kan blant anna brukast til å byggje opp spenning i ein tekst.

Eit døme på dette er novella ”Att döda ett barn” av Stig Dagerman. Her følgjer vi både eit ungt par på biltur og ein familie som steller til søndagsfrukost. Allereie i innleiinga gjer forteljaren det klart at barnet i familien kjem til å bli påkøyrt og drepe. Dei to handlingane møtest idet bilen med det unge paret køyrer på barnet, som har vorte sendt over til naboen for å låne nokre sukkerbitar.

Når den tragiske utgangen av historia er gitt på førehand, slitst lesaren mellom ønsket om å vite korleis dette kunne skje, og frykta for å få sanna at barnet verkeleg døyr. Den stadige kryssklippinga aukar spenninga, for forfattaren utset på denne måten i det lengste å fortelje oss slutten på historia.

Rammeforteljing

I ein tekst med to eller fleire handlingar kan ei av handlingane danne ramma om den eller dei andre slik at vi får ei såkalla rammeforteljing. Rammeforteljingar kan ofte opne med ein presentasjon av ein forteljar, som så begynner å fortelje den "eigentlege" historia.

I eventyrsamlinga Tusen og éi natt handlar rammeforteljinga til dømes om den kloke og vakre Sjeherasad som bergar livet fordi ho er eineståande dyktig til å fortelje eventyr. Det er eventyra Sjeherasad fortel, som utgjer dei eigentlege forteljingane i verket, men òg rammeforteljinga om Sjeherasad er spennande nok i seg sjølv.

Spenningsoppbygging

Spenning er eit relativt vidt omgrep som ikkje berre har med ytre dramatikk å gjere. Spenning kan òg tyde intensitet eller tilspissing av indre konfliktar. Men forfattaren må uansett ha ein plan for å skape spenning i teksten sin. Mange episke tekstar er komponerte slik at dei i grove trekk følgjer denne spenningskurva:

  • Teksten startar med ein eksposisjon (ei opning) der sentrale personar blir presenterte.
  • Ganske raskt får vi vite kva som er konflikten i teksten, og vi er over i hovuddelen der det skjer ei konfliktopptrapping eller tilspissing.
  • Spenninga stig fram mot eit høgdepunkt (klimaks) og blir utløyst.
  • Siste del av spenningskurva kallar vi avtoning eller løysing. Her roar handlinga seg før teksten sluttar.

Ein roman inneheld ofte fleire konfliktar og fleire spenningstoppar. Dessutan er det vanleg å snakke om høgdepunkt eller vendepunkt òg i forteljingar som ikkje følgjer den klassiske spenningskurva. I noveller sluttar handlinga ofte på toppen av spenningskurva, utan avtoning.

Det er ikkje berre skriftlege og munnlege forteljingar som følgjer spenningskurva du nettopp har lese om. Også filmforteljingar har svært ofte denne typen spenningsoppbygging, og det same gjeld for mange tradisjonelle drama. Du kan lese lese meir om dramaturgi i filmar i fagartikkelen om Hollywood-modellen.

Skrive av Tone Elisabeth Grundvig.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019