Hopp til innhald

Fagstoff

Å løyse andregradslikningar med abc-formelen

Vi kan lage eit fullstendig kvadrat av eit generelt andregradsuttrykk. På den måten kan vi komme fram til ein formel som vi alltid kan bruke til å løyse andregradslikninger. Denne formelen blir kalla abc-formelen.

Vi ser på den generelle andregradslikninga  ax2+bx+c=0. Her får vi eit lite problem ved at dei same bokstavane a og b er brukte både til å illustrere kvadratsetninga og andregradsuttrykket. Vi løyser dette ved å bruke bokstavane x og k i kvadratsetninga slik at denne blir

 x+k2=x2+2xk+k2

Utfordring

Det er godt mogleg at du kan komme fram til abc-formelen på eiga hand. Prøv deg utan å sjå på løysinga.

Tips: Bruk metoden med å danne fullstendig kvadrat.

Utleiing av abc-formelen

       ax2+bx+c = 0                  Vi dividerer med a i alle ledda.     x2+bax+ca=0                   x2+bax+k2=-ca+k2               Vi  ha 2xk=baxk=b2a.x2+bax+b2a2=-ca+b2a2x+b2a2=b24a2-4a·c4a·ax+b2a2=b2-4ac4a2

x+b2a = +b2-4ac4a2      eller    x+b2a=-b2-4ac4a2x=-b2a+b2-4ac2a     eller    x=-b2a-b2-4ac2ax=-b+b2-4ac2a        eller     x=-b-b2-4ac2a

abc-formelen

Andregradslikninga ax2+bx+c=0 har løysingane

x=-b±b2-4ac2a    ,         a0 ,   b2-4ac0

Vi bruker teiknet ± for å spare skriving.

Når vi løyser ei andregradslikning med abc-formelen, ordnar vi først likninga slik at ho kjem på forma  ax2+bx+c=0.

Du hugsar kanskje at vi definerte kvadratrota berre til positive tal og null? Det vil seie at andregradslikninga ikkje har løysingar mellom dei reelle tala når det som står under rotteiknet, er mindre enn null. Kanskje det digitale verktøyet du bruker, då gir løysingar med bokstaven i? Det vil seie at løysinga er såkalla imaginær. For oss betyr det likevel at likninga ikkje har noka løysing.

Andregradslikninga har berre éi løysing når det som står under rotteiknet, er lik null.

Vi skal no sjå på nokre døme på bruk av abc-formelen.

Døme 1

         x2 = 5-4xx2+4x-5=0     Vi ordnar likninga og finn at a=1, b=4, c=-5.          x=-4±42-4·1·-52·1   Vi set inn  i formelen.          x=-4±16+202          x=-4±362          x=-4+62   eller   x=-4-62          x=1           eller   x=-5

Likninga har to løysingar. Det er altså to verdiar for x som passar i den opphavlege likninga.

Døme 2

x2+4x+4 = 0          x=-4±42-4·1·42·1          x=-4±16-162=-4±02=-2          x=-2

Uttrykket under rotteiknet er null, og vi får berre éi løysing.

Døme 3

x2-2x+4 = 0           x=--2±-22-4·1·42           x=4±4-162=4±-122           Inga løysing

Vi får 12 under rotteiknet, og -12 er ikkje definert når vi reknar med reelle tal. Vi får derfor inga løysing, det vil seie at det ikkje finst noko reelt tal som er slik at andregradsuttrykket på venstre side i likninga blir null.

Skjermutklipp frå CAS-vindauget i GeoGebra. På linje 1 er det skrive x i andre er lik 5 minus 4 x. Svaret med Løys er x er lik minus 5 eller x er lik 1. På linje 2 er det skrive x i andre pluss 4 x pluss 4 er lik 0. Svaret med Løys er x er lik minus 2. På linje 3 er det skrive x i andre minus 2 x pluss 4 er lik 0. Svaret med Løys er ingenting. Skjermutklipp.

Ved CAS i GeoGebra får vi løysingane nedanfor ved å bruke knappen x=.

Legg merke til markeringa for "inga løysing" i linje 3.

Video som går gjennom døma på sida

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2021

Læringsressursar

Andregradslikningar