Skriftleg oppgåve: etiske krav til medieforteljingar
Målet med denne oppgåva er
å vise at du forstår og kan nytte etiske omgrep
å vise at du kjenner til og forstår kva yrkesetiske reglar har å seie for journalistikk
å vise at du veit kva som krevst av sjangeren kronikk, og at du meistrar språklege verkemiddel
å vise at du kan reflektere rundt etiske problemstillingar på ein sjølvstendig måte
Oppgåve 1
Forklar og gi døme på kvart av desse omgrepa:
dydsetikk
konsekvensetikk
moralisme
medieetikk
presseetikk
Oppgåve 2
Lag ein kort presentasjon for elevar i 10. klasse om dei yrkesetiske reglane som gjeld for journalistar som dekkjer ulykker og katastrofar.
Bruk PowerPoint eller eit anna digitalt presentasjonsprogram.
Oppgåve 3
Skriv ein kronikk der du uttrykkjer dine meiningar om kva for nokre etiske krav som bør stillast til fiktive medieforteljingar som TV-seriar og spelefilmar.
Legg vekt på å bruke etiske og mediefaglege omgrep og språklege verkemiddel som fangar interessa til lesarane.