Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Er undercover-journalistikk uetisk?

Når ein journalist opptrer under falsk identitet, blir det kalla wallraffing eller undercover-journalistikk. Denne forma for journalistikk blir brukt for å avdekkje kriminalitet, eller for å gi innsikt i eit lukka miljø.

Moldvarpen

Dansken Ulrick Larsen har vore i eit miljø dei færraste av oss kjenne til, og som i alle fall dei færraste har fått innpass i. Han har filma og fått folk som vanlegvis opererer i skuggane fram i lyset ved å lyge og filme delvis i skjul.

Les resten av denne historia i artikkelen "Muldvarpen" på nrk.no.

Sjå gjerne òg NRK Brennpunkt-dokumentaren med same namn: Muldvarpen.

Den tyske journalisten Günter Wallraff er eit anna døme på ein undercover-journalist. Han tok seg jobb som arbeider i ulike bedrifter under falskt namn og i forkledning for å avsløre korleis arbeidsforholda var for tyrkiske framandarbeidarar i Tyskland.

Boka Aller nederst (originaltittel Ganz unten) er omsett til mange språk.

Høyr P2-akademiet om "wallraffing":

Å bli den andre

0:00
-0:00


Drøftingsoppgåve

  1. Lytt til innslaget frå P2-akademiet. Kva oppnår journalisten ved "å bli den andre"?

  2. Lag ei skriftleg utgreiing med fleire døme på saker der journalistar har opptredd med falsk identitet. Kvifor valde journalistane denne framgangsmåten? Kva konsekvens fekk desse avsløringane?

  3. Drøft i kva grad det er presseetisk forsvarleg at ein journalist gir seg ut for å vere ein annan enn den han eller ho verkeleg er.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2021

Læringsressursar

Medieetiske problemstillingar