Hopp til innhald
Oppgåve

Gullbarbie

Kvar dag blir vi utsette for veldig mange kommersielle bodskapar. Desse inntrykka kan påverke korleis vi ser på oss sjølve og andre. Gullbarbie er ein versting-pris som går til den aktøren som får unge til å kjenne seg verst. Jobb med oppgåva om denne prisen.

Press, som er ungdomsorganisasjonen til Redd Barna, står bak prisutdelinga Gullbarbie. Kvart år deler Press ut Gullbarbie-prisen til den aktøren som får ungdom til å kjenne seg verst.

Gruppeoppgåve

  1. Diskuter tilfelle der de meiner marknadsføringa er uetisk.

  2. Sjå dei nominerte kandidatane på gullbarbie.no. Kva er grunngivinga for nominasjonane, og kva tenkjer de om dei nominerte kandidatane?

  3. Kven ville de ha gitt prisen til? Grunngi svaret.

  4. Ønskjer de å nominere ein eller fleire kandidatar til Gullbarbie-prisen, kan de gjere dette på gullbarbie.no.

Ha gjerne ein felles refleksjon og diskusjon i klassen til slutt.