Vurder etikken i ulike TV-konsept
I denne oppgåva skal de gjennomføre ei medieetisk vurdering av nokre populære TV-konsept. Kva for nokre etiske utfordringar må programskaparane ta stilling til undervegs i produksjonen? Kva konsekvensar kan programma få for deltakarane og dei som blir omtalte?
Gruppearbeid
Del klassen inn i grupper. Kvar gruppe gjer ei etisk vurdering av to av desse TV-konsepta. Vel konsept med ulik profil. (Nokre kanaler krev innlogging).
Vurderingsgrunnlag
Kva medieetiske utfordringar kan oppstå i eit slikt TV-konsept?
Korleis synest de produsenten har handtert desse utfordringane?
Kva konsekvensar kan det få å delta i eit slikt TV-konsept?
Kva konsekvensar kan det få for dei som blir omtalte, eller for pårørande eller likesinna?
Ville du ha delteke i eit slikt program? Kvifor? Kvifor ikkje?
Klassediskusjon
Gruppene presenterer vurderingane sine for resten av klassen.
Diskuter deretter i samla klasse kva for nokre etiske krav som bør stillast til TV-konsept som skal sendast på norsk fjernsyn.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 21.12.2021