Lag manus til kortfilmen Storebror ser deg
Del 1: Lag synopsis og eit forslag til filmmanus
Gå saman i mindre grupper. Kvar gruppe skal utarbeide eit forslag til manus til ein kortfilm.
Tittel: Storebror ser deg
Sjanger: science fiction
Tema: digitalt medborgarskap, personvern og overvaking i Noreg anno 2030
Lengde: cirka 5 minutt
Relatert innhald
Del 2: Sel inn idéen
Når manuset er ferdig, skal kvar gruppe formidle filmidéen sin i form av ein pitch som blir framført i klassen.
Resten av elevane har då rolla som produksjonsselskapet til klassen. Dei skal gi tilbakemelding på idéen ut frå kriteria som ligg til grunn for oppgåva, og om filmen vil fengje eventuelle sjåarar.
Relatert innhald
Del 3 (dersom de vil): Lag filmen
Dersom klassen har tid, lyst og høve, kan de velje ut manuset de synest er best og produsere filmen i fellesskap.