Eigenvurdering for emnet digital medborgar - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering for emnet digital medborgar

Kva inneber digitalt medborgarskap, kva personvernutfordringar følgjer med auka digitalisering, og korleis kan digitale skilje skape utanforskap? Vurder kva du kan om dette emnet.

Kva har du lært om digitalt medborgarskap?

Gå gjennom desse punkta og få oversikt:

  • Eg veit kva digitalt medborgarskap inneber, og kva kriterium som kjenneteiknar eit digitalisert samfunn.
  • Eg veit kva digitale skilje er, og eg forstår kvifor det er eit demokratisk problem om ikkje alle har den same tilgangen til digitale verktøy, digitale nettverk og digital kompetanse.
  • Eg veit korleis informasjonskløfter oppstår, og korleis mediebruk kan vere med på å forsterke eller jamne ut desse.
  • Eg veit at innsamling, overvaking og distribusjon av informasjon blir styrt av ulike aktørar ved hjelp av digital teknologi og avanserte algoritmar, og eg forstår kvifor det er viktig å ha lover og reglar som set grenser for slik verksemd.
  • Eg forstår kvifor det er viktig å vareta personvernet i eit digitalisert samfunn, og på kva måte eg sjølv har eit ansvar.
  • Eg veit kva kunstig intelligens er, og kva for etiske problemstillingar som følgjer med bruk av kunstig intelligens og smart teknologi.

Fagomgrep

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2021