Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriftleg oppgåve: digitalt medborgarskap og digitale skilje

I denne oppgåva skal du gjere greie for sentrale mediefaglege teoriar og drøfte mediefaglege problemstillingar innan emnet digitalt medborgarskap. Du skal òg kome med forslag til korleis ein kan motverke digitale skilje og informasjonskløfter.
Mann skriv på nettbrett mens bokstavar flyt i lufta rundt han. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med denne oppgåva er å vise at du

  • forstår sentrale omgrep som handlar om digitalisering og digitalt medborgarskap

  • kan leggje til rette for digitalt medborgarskap på ein reflektert måte i eigen kommune

  • kan vurdere og drøfte korleis ein kan sikre reelt digitalt medborgarskap for innbyggjarar i Noreg i ei tenkt skriftleg eksamensoppgåve

Oppgåve 1: Forklar omgrep

Forklar kva desse omgrepa betyr. Ta òg med minst eitt døme i forklaringa di.

  • digitalt medborgarskap

  • digital kompetanse

  • digitale skilje

  • digitalt utanforskap

  • informasjonskløfter

  • kunstig intelligens

  • smart teknologi

Oppgåve 2

Kommunen din jobbar med ein handlingsplan for eldre. Du skal bidra ut frå det du veit om digitalt medborgarskap.

  • Formuler ti punkt som beskriv smarte produkt og digitale tenester som kan gi heimeverande eldre ein betre kvardag.

  • Formuler deretter ti tiltak som skal motverke digitalt utanforskap mellom eldre i kommunen din.

Oppgåve 3

I den førebelse evalueringa av korleis norske styresmakter har handtert covid 19-pandemien, kjem det fram at det spesielt har vore vanskeleg å nå ut med relevant informasjon til enkelte innvandrargrupper i Noreg. Desse gruppene er dessutan sterkt overrepresenterte i dødsstatistikken. Sjå IMDis rapport Innvandrerbefolkningen under pandemien (PDF).

Skriv ein kronikk på cirka 1 000 ord om informasjonskløfter og digitale skilje i Noreg, og kva tiltak styresmaktene bør setje i verk for å imøtekome informasjonsbehovet til innvandrarbefolkninga med tanke på framtidige epidemiar og pandemiar.

Relatert innhald

I ei nasjonal krise blir klar og tydeleg kommunikasjon særs viktig. Krisekommunikasjon handlar om korleis ei verksemd kommuniserer under ei krise.


CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2021

Læringsressursar

Digital medborgar