Vurder argument i filmen iHuman - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Vurder argument i filmen iHuman

Filmen iHuman handlar om kunstig intelligens. Sjå filmen, og drøft fordelar og ulemper ved kunstig intelligens.

I filmen iHuman (2019) møter du fleire ekspertar på utviklinga av kunstig intelligens. Nokre av dei ser lyst på framtida, mens andre er bekymra for kva som ventar oss.

Bruk filmen og argumentslista som utgangspunkt for ei skriftleg drøfting av fordelar og ulemper ved kunstig intelligens. Aktuelt fagstoff er fagartiklane "Kunstig intelligens" og "Kunstig intelligens og påverknad".

I teksten din skal du i tillegg til argumenta bruke følgjande fagomgrep:

Denne oppgåva passar fint som ei tverrfagleg oppgåve i norsk og mediefag, der mediefaglæraren vurderer det faglege innhaldet, og norsklæraren vurderer utforminga av svaret.

Relatert innhald

Fagstoff
Kunstig intelligens

Kunstig intelligens inneber at maskinene rundt oss blir stadig "smartare" og i stand til å løyse oppgåver som berre menneske kunne løyse tidlegare.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2021