Oppgåve
Pøblar
Korleis kan marginalisert ungdom bli betre integrerte i samfunnet? Pøbelprosjektet vart starta i Stavanger i 1997 og jobbar for å få ungdommar tilbake i jobb eller utdanning. Dei gjennomfører eit seks veker langt kurs og følgjer opp ungdommane i ettertid. Vi ser ein film om prosjektet og diskuterer.
Før de ser filmen, diskuter det følgjande:
- Kva legg de i ordet «pøblar»?
- Kvifor trur de dei har valt å kalle det «Pøbelprosjektet»?
- Viss de skulle ha laga eit seks vekers kurs for å få marginaliserte ungdommar tilbake i jobb eller utdanning, kva ville de ha fokusert på å lære dei?
Sjå filmen og svar på dei følgjande spørsmåla:
- Var det noko som overraska deg i filmen? Grunngi svaret.
- Kva var nokre av årsakene til at ungdommane i filmen blei marginaliserte?
- Korleis jobbar Pøbelprosjektet for å inkludere ungdommane i samfunnet?
- Når marginalisering på eitt område leier til marginalisering på andre område, seier vi at marginaliseringa er kumulativ. Finn eksempel på at ungdommane i filmen blir utsette for kumulativ marginalisering, og forklar korleis dei ulike formene for marginalisering kan ha verka saman.
- I Pøbelprosjektet får ungdommane praktisk kunnskap og evner, og dei møter klare og tydelege krav og forventningar. Dei jobbar òg med å opparbeide ei betre sjølvkjensle og gode relasjonar til dei andre ungdommane i gruppa og dei vaksne på kurset. Reflekter over korleis desse faktorane verkar saman, og kvifor det er viktig å jobbe med dei samtidig for å kunne lykkast med eit slikt prosjekt.
- Pøbelprosjektet har lykkast med å få fleire ungdommar i arbeid som tidlegare kanskje ville ha droppa ut av skulen. Diskuter korleis ein kan endre den norske skulen for å gi eit betre tilbod til dei ungdommane vi møter i filmen.
Vel ein av personane i filmen. Skriv eit refleksjonsnotat om hans eller hennar veg inn i og ut av ein marginalisert posisjon. Ta gjerne utgangspunkt i dei følgjande spørsmåla:
- Kva var dei viktigaste årsakene til at han eller ho vart marginalisert?
- Kva slags hjelp fekk han eller ho på kurset som hjelpte dei vidare? Grunngi svaret.
- Kva kan han eller ho gjere sjølv, og kva slags oppfølging og hjelp har han eller ho behov for vidare framover?
- Kva for nokre ulike teoriar om sosiale avvik og marginalisering kan du bruke for å kaste lys over hans eller hennar situasjonen?
Relatert innhald
Fagstoff
Årsaker til kriminalitet og marginaliseringKvifor bryt nokre menneske normer og reglar og endar opp i ytterkantane av samfunnet? Ulike teoriar om sosiale avvik og marginalisering gir ulike svar.
Fagstoff
Kva er marginalisering?Marginalisering er ein prosess der einskildindivid eller grupper blir skyvde ut i ytterkantane (marginane) av samfunnet.