Hopp til innhald

Fagstoff

Tips til munnleg formidling

Dei aller fleste kjenner på ein viss nervøsitet når dei skal ha ein munnleg presentasjon for mange menneske. Med god førebuing kan du komme til å like det riktig godt!

1) Pust roleg, pust med magen

Blodet strøymer, hjartet bankar og det kan kjennast ut som om du ikkje har heilt kontroll på deg sjølv. Det er dei kjemiske prosessane i kroppen som tek overhand. Eit triks er å puste med magen og å puste roleg. Det hjelper deg med å takle nervøsiteten. Teknikken senkar pulsen din, og du tek kontrollen tilbake.

  • Seks sakte andedrag i minuttet.
  • Fem sekund innpust og fem sekund utpust.
  • Pust gjennom ei lita opning i leppene, som om du har eit sugerøyr i munnen.

2) Tenk samtale framfor presentasjon

Klarar du å tenkje på framføringa di som ein samtale, er det lettare å vere deg sjølv. Nervøsiteten vi kjenner på når vi skal formidle noko åleine til mange andre er ofte knytt til kjensla av "meg" mot "dei" – no blir eg vurdert og observert.

Tenkjer du på situasjonen som ein samtale, er det straks enklare. Du deler med andre noko du har førebudd, du gir dei andre tid til å tenkje over det du formidlar og tek inn responsen du får i andre si merksemd, blikk og nikk. Det blir som ein ikkje-verbal samtale.

Dette er ein teknikk skodespelarar ofte bruker i møte med eit publikum.

3) Skriv og førebu godt, ha ein tydeleg start og slutt

Ramma rundt innhaldet er veldig viktig. Sørg for å ha ein veldig tydeleg start og ein like tydeleg slutt. Du vil ha eit godt ankerfeste å starte frå og avslutte med, for då vil linja du skal gå vere tydeleg for deg. Det blir òg lettare å hugse kva du skal fortelje om og kvifor du fortel det du fortel.

4) Kjenn stoffet ditt

Eit stoff som skal formidlast krev tid og tankeverksemd. Mange tek seg ikkje nok tid til å kunne stoffet sitt godt. Vil du ha ein god presentasjon, må du kunne det du skal presentere godt.

5) Bruk tid til å øve – og be om råd

Mann presenterer vær på hjerne. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Be om tilbakemelding frå personar du føler deg trygg på og fortel publikummet ditt kva du vil ha respons på. Ikkje ta alt på ein gong, men eitt punkt du vil ha tilbakemelding på. Det kan vere:

  • Augekontakt
  • Armrørsler
  • Fikling med hendene
  • Bruk av manus
  • Ordlegging og uttale
  • Handtering av digitale verktøy
  • Samanheng mellom start og slutt

Øv deg føre spegelen, film deg sjølv eller køyr prøver for venner, foreldre eller kollegaer. Kva gjer kroppen din? Korleis er stemma di? Artikulasjonen? Får du formidla historia di, stoffet du har jobba med?

Du vil jo helst at kroppen din skal vere avslappa og ikkje bli overmanna av spenning.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2019

Læringsressursar

Dokumenter, rapporter og presenter