Hopp til innhald

Verktøy og mal

Å lage flytskjema

Eit flytskjema er eit nyttig verktøy når vi skal planleggje ein prosess. Det gjer det lettare å sjå heilskapen i prosessen og samanhengen mellom dei ulike stega som prosessen består av.
Folk i møteaktivitet: To personar står over eit bord og peiker på eit ark, og tre personar står framfor ei tavle med Post-it-lappar på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eit flytskjema?

Eit flytskjema gir ei skjematisk framstilling av ein prosess. Det som er felles for alle prosessar, er at dei består av fleire ulike steg eller handlingar som er naudsynte for å få eit ferdig produkt eller nå eit felles mål.

Dei enkelte stega blir framstilte som figurar eller enkle teikningar som er kopla saman med linjer og piler. At presentasjonen er "skjematisk", betyr at det er ei symbolsk og forenkla framstilling. Eit detaljert flytskjema gjer det lettare å skape ei felles forståing av den aktuelle prosessen. Det fører igjen til at det blir enklare å samarbeide og formidle tankar og idear.

Flytskjema blir òg kalla arbeidsflytdiagram eller prosessflytdiagram.

Flytskjema kan brukast i mange samanhengar

Flytskjema kan vere nyttige innanfor alle yrke, og dei kan brukast i mange samanhengar. Til dømes kan du bruke eit flytskjema for å få oversikt over

  • prosessen ved eit kloakkreinseanlegg
  • arbeidsprosessen ved ei prosjektoppgåve
  • den kjemiske prosessen ved fermentering
  • forbrenningsprosessen til ein bensinmotor

Lage eit flytskjema

Flytskjema for handletur. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du teiknar eit flytskjema, er føremålet å få oversikt over prosessen frå start til slutt og kunne sjå samanhengen mellom alle stega i prosessen.

Eit flytskjema kan teiknast med boksar som inneheld ein beskrivande tekst, eller med enkle symbol som førestiller dei ulike stega i prosessen.

Teikn piler mellom dei ulike stega, slik at gangen i prosessen kjem tydeleg fram. Det er viktig at flytskjemaa ikkje blir for detaljerte, for då mister ein lett oversikta.

Idé- og utviklingsfase

I ein arbeids- eller utviklingsprosess kan det vere lurt å starte med å bruke Post-it-lappar på ei tusjtavle. Skriv alle idear, oppgåver, registreringar, avgjerder og så vidare på kvar sin lapp, klistre lappane på tavla, og teikn piler mellom dei. Rekkjefølgja på lappane viser rekkjefølgja i prosessen.

Det er enkelt å setje inn nye steg i prosessen ved å lage nye lappar eller flytte rundt på stega inntil heile prosessen er kartlagd. I denne fasen dukkar det ofte opp idear og uklarleikar. Dette kan de markere med eit eige symbol, til dømes ei sky.

Presentasjonsfase

Eit flytskjema kan godt teiknast for hand, men fordi flytskjema ofte blir brukte for å formidle eller presentere ein prosess til andre, kan det òg vere nyttig å bruke eit dataverktøy. Mange vanlege program har innebygde verktøy for å lage flytskjema, og det finst ei rekkje spesialprogram og nettbaserte verktøy du kan bruke.

Creately og Diagrams er døme på nettbaserte verktøy for å lage flytskjema og andre typar diagram.

Relatert innhald

I desse oppgåvene skal du teikne flytskjema.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen, Rune Mathisen og Camilla Øvstebø . Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.03.2021

Læringsressursar

Dokumenter, rapporter og presenter