Hopp til innhald

Fagstoff

Presentasjonsforma PechaKucha

Munnleg presentasjon og formidling av fagstoff er noko du skal gjere i dei fleste fag. Her skal vi sjå på korleis du kan bruke PechaKucha til dette.
Ei kvinne held ein pecha kucha-presentasjon framfor eit stort publikum. Foto.

Kva er ein PechaKucha?

PechaKucha betyr "lyden av folk som snakkar", og det er ei presentasjonsform som opphavleg var tenkt som ein arena for idéutveksling og presentasjon av idéar og arbeid. No har denne presentasjonsforma blitt teken i bruk i ei rekkje andre samanhengar, som til dømes når forskarar skal presentere forsking.

PechaKucha er ei presentasjonsform der presentasjonen varer 6 minutt og 40 sekund, ved hjelp av 20 lysark/bilete som kvar berre kan brukast i 20 sekund. Lysarka består av bilete, der bileta er med på å formidle bodskapen til den som snakkar. Lysarka inneheld vanlegvis ikkje tekst.

PechaKucha 20x20 der du bruker 20 lysark x 20 sekund = 6 minutt og 40 sekund.


No er rett nok ikkje desse reglane for PechaKuchaen hogde i stein – du kan tilpasse og endre presentasjonsforma, men hensikta er å formidle ein bodskap tydeleg, presist, kort og konsist.

Det faglege innhaldet

Sidan presentasjonstida er kort, og tida til kvart lysark berre er 20 sekund, må du øve på å få fram dei viktigaste poenga i bodskapen din og vere nøye med fagstoffet du vel ut. Vis at du kjenner fagomgrepa i faget ditt, og at du kan bruke dei i ein fagleg kontekst.

I tillegg må du vere selektiv når du vel bilete. Gode bilete som fangar merksemda til mottakaren gjer det enklare å hugse fagstoffet du presenterer. Dei skal fungere saman med det du vil seie. Bileta kan illustrere direkte, eller dei kan vere ein kontrast eller understreke eit fagleg poeng.

Lausriv deg frå manus

Somme gonger blir munnlege presentasjonar "opplesing" av tekst frå lysark eller manus. I ein PechaKucha kan du sjølvsagt ha notatark eller liknande, men du bør snakke mest mogleg uavhengig av notat.

Lag deg heller små kort der du har stikkord for kvar del av presentasjonen. Vis at du "eig" fagstoffet du presenterer! Sidan lysarka består av bilete, unngår du opplesing av tekst frå dei. Det aller beste er om du øver deg på å snakke berre på grunnlag av bileta. Bruk gjerne ein ven som tilskodar, tidtakar og rådgivar når du øver.

Døme på PechaKucha

Ellen Finkelstein har laga ein PechaKucha (engelsk) om korleis du kan lage gode presentasjonar. Legg merke til kva bilete ho bruker for å illustrere det ho seier. Dette er berre eitt døme på presentasjonsforma. Du finn mange fleire på pechakucha.com.

Digitale verktøy og biletsøk

Det er fleire verktøy som kan passe når du skal lage presentasjonen. Her er nokre forslag:

  • Powerpoint
  • Google-presentasjoner
  • Prezi
  • Sway

Når du skal finne bilete, bør du sjekke lisens på bileta. Sjølv om presentasjonen din ikkje skal publiserast på internett, er det nyttig at du lærer deg kva som er korrekt når det gjeld bruk av bilete. Bilete merka CC-lisens (Creative Commons) kan du bruke fritt.

Les artikkelen "Det handlar om å dele: Creative Commons" på NDLA.

Her kan du leite etter bilete:

  • Flickr
  • Pixabay
CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2021

Læringsressursar

Dokumenter, rapporter og presenter