Hopp til innhald
Verktøy og mal

Korleis skrive ein praksislogg?

Her er eit døme på korleis du kan skrive logg frå arbeidsdagane i praksis.

Konkretisering av kompetansemål

Når du er i praksis, skal du velje ut nokre kompetansemål frå vg3 som du skal fokusere spesielt på. Etter at du har valt ut til dømes fem kompetansemål, må du konkretisere desse måla. Kva inneber dei for deg på praksisplassen din?

Dersom du til dømes er utplassert i salsfaget og har valt kompetansemålet yte service, må du konkretisere kva det vil seie å yte service i den bedrifta du er utplassert i. Det kan til dømes vere at du smiler til kundane når dei kjem inn i butikken, spør om dei treng hjelp, og så vidare.

Bruk bilete

Det er fint å legge inn bilete i loggen som illustrerer arbeidsoppgåvene du har utført. Har du til dømes fått i oppgåve å lage eit varetorg, kan du ta bilete av det og setje det inn i loggen. Men hugs å avklare med arbeidsgivar at det er greitt at du tek bilete.

Praksislogg

Kva bør loggen innehalde?

Loggen må daterast, og du må føre opp arbeidstida di. Her følger ei liste med forslag til andre punkt loggen bør innehalde:

  • generelle arbeidsoppgåver denne dagen

  • Kva for nokon arbeidsoppgåver har eg utført innanfor dei (fem) utvalde kompetansemåla?

    • konkretisering av kva kvart kompetansemål inneber av arbeidsoppgåver for deg som elev

  • nye arbeidsoppgåver som eg ikkje har utført tidlegare

  • rettleiing eg har fått i dag

  • samanheng med det eg har lært på skulen

  • min eigen trivsel på arbeidsplassen

  • anna eg vil fortelje frå dagen

  • i dag har eg lært

Under har vi delt malar for loggføring som du kan skrive ut og tilpasse sjølv.

  • Mal for praksislogg (158 kb)