Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Besjeling

Fire islandshestar i ulike fargevariantar på beite ein stad på Island. Låg, skya himmel i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Setningane nedanfor er henta frå tre ulike reportasjar. Forklar korleis tekstforfattarane har brukt besjeling som verkemiddel her. Kva er det som får menneskeliknande trekk, og kva for trekk blir framheva?

  1. Islandshestar tøltar. Å tølte vil seie å pilte i passgang i staden for å hoppe opp og ned som i trav. Hestane skjøner dessverre ikkje norsk og er sære på korleis tølteordrar skal givast. Men om vi sit djupt i salen, lett bakoverlente med korte taumar, har vi ein god sjanse, meiner Karin, den svenske jenta som skulle jobbe her éin sommar, men som mista hjartet til sagaøya og hestane her.
  2. Lenge levde Valencia i skyggen av Barcelona og Madrid. Men no er veslebror i ferd med å bli stor.
  3. Nissan GT-R er arvtakaren etter den famøse Skyline GT-R som har vore ein av dei aller heftigaste "folke-superbilane" og ein av heltane i kultfilmar og spel om gate-racing.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2

No skal du lese dei to første strofene i to dikt om same emne – sporvar! Diktarane er Arnulf Øverland og Arne Garborg.

  1. Kven er det som får menneskelege eigenskapar i dikta?
  2. Bruk døme frå dei to strofene som prov.

Spurven

Det hopper en spurv i gården,
en grå og fornøyelig filleball.
Han skravler og spiser frokost,
han spiser i allefall.

Og når han er ferdig med frokost,
så spiser han frokost igjen.
Og finner hans kone en frokost,
så spiser han også den.

Arnulf Øverland

Sporven

Småsporven gjeng i tunet
og tippar korn og ribbar strå
og hev så god ein une
og ler åt katten grå.
Pip, pip, det så seg lagar
alle dagar
at Monsemann meg jagar,
men kan meg aldri få.

Arne Garborg
une trivnad, humør

Oppgåve 3

Skriv ein kort tekst der du beskriv bildet under. Bruk besjelingar og personifikasjonar for å vise spenninga kvinna føler på når ho les boka ho har i handa. Det kan vere frasar som "Hjartet løpte løpsk" og "mørket trua med å..."

Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Les om det språklege verkemiddelet besjeling.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2020

Læringsressursar

Språklege verkemiddel