Hopp til innhald

Fagstoff

Besjeling

"Ho stod utanfor det gamle hotellet og syntest plutseleg at bygninga trua ho." Det er heilt vanleg å tilleggje gjenstandar, dyr eller naturfenomen menneskelege eigenskapar. Med eit faguttrykk kallar vi dette for besjeling.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"Døde" ting vert levande

Når vi gir gjenstandar, dyr og naturfenomen menneskelege eigenskapar, kallar vi det besjeling. Besjeling er svært vanleg både i kvardagsspråket og i litteraturen. Nokre døme kan vere:

  • Sola smiler frå skyfri himmel.
  • Orkanen Ike herja over Cuba.
  • Dette huset skrik etter eit strøk med måling.

Besjeling vekkjer kjensler

Vi gjer ikkje-menneskelege ting menneskelege av fleire grunnar. For det første tek vi utgangspunkt i noko vi kjenner veldig godt, nemleg oss sjølve, for å skildre noko ikkje-menneskeleg, som naturfenomen, dyr og gjenstandar.

For det andre bryr vi oss rett og slett meir om noko(n) som vi oppfattar som "ein del av familien". Eit typisk døme på dette er forholdet vi har til kjæledyr: Vi gir dyra namn, dei betyr noko for oss, og vi knyter oss til dei. Vi kan faktisk òg knyte oss til ting og verte glade i dei på liknande vis. Dette utnyttar ikkje minst reklamen:

  • Bilen din lengtar etter nye, piggfrie dekk!
  • Aquasource – når huda di er tørst.
  • Whiskas - dersom katten får velje!

Eit døme frå skjønnlitteraturen

Også diktarar kan bruke besjeling for å vekkje og styre kjenslene våre. Diktet "Landskap med gravemaskiner" av Rolf Jacobsen er eit godt døme i så måte:

De spiser av skogene mine.
Seks gravemaskiner kom og spiste av skogene mine.
Gud hjelpe meg for en skapning på dem. Hoder
uten øyne og øynene i baken.
De svinger med kjeftene på lange skaft
og har løvetann i munnvikene.
(...)

(Jacobsen, 1954).

Her vert naturen eller landskapet menneskeleggjort. Naturen er den som taler i diktet – han er eg-et i diktet. Dette er eit effektfullt val av diktaren, for vi forstår lett kor ille det ville vore å verte øydelagd og eten levande. Dermed får vi sympati med naturen og tek naturen sitt parti mot gravemaskinane og mot menneska bak dei.

Gravemaskinane får òg nokre menneskeliknande trekk, som hovud, auge, bakende og kjeft, men ingenting er plassert der det skal vere: Hovuda er utan auge, auga er plasserte på feil stad, og kjeftane sit på lange skaft. Dei har ein skremmande utsjånad og ei omsynslaus framferd, og lesaren opplever dei som sjellause – som maskinar.

Kjelder

Jacobsen, R. (1954). "Landskap med gravemaskiner" fra Hemmelig liv. Oslo: Gyldendal.

Relatert innhald

Oppgåver til det språklege verkemiddelet besjeling.

CC BY-NC-SASkrive av Cecilie Isaksen Eftedal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 10.04.2018

Læringsressursar

Språklege verkemiddel