Hopp til innhald

Fagstoff

Metaforane i kvardagsspråket

Metaforar er langt meir enn berre eit verkemiddel for diktarar og retorikarar! Språket vårt er faktisk fullt av metaforar, og dei påverkar måten vi tenkjer og ser verda på.
Ansiktet på ei jente med lyst hår, lyse øyne og fregner over nesa. Hun smiler litt og ser rett på betrakteren. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bilete er ein grunnleggjande del av språket

Kvardagsspråket vårt er fullt av bilete: Vi mister bussen, fell i stavar, fattar poenget, dett av lasset, kaprar ein kjæreste, har eit godt auge til nokon, sluker bøker, vi er på krigsstien – prøv å snakke i berre eitt minutt utan å bruke bilete av noko slag, og du vil sjå at det er så godt som umuleg. I det minste er det mange ting du må brenne inne med i så fall.

Det som kjenneteiknar språklege bilete, er at dei har såkalla overført tyding: Dei skal ikkje oppfattast bokstavleg. Når ei bestemor kallar barnebarnet sitt for sin vesle solstråle, er vi klar over at ho framleis snakkar om barnet, ikkje om sola. Men ho samanliknar barnet med noko ho kjenner til og synest godt om, nemlig solstrålar som varmar og gler oss.

Bilete hjelper oss å forstå

To amerikanske forskarar, lingvisten George Lakoff og filosofen Mark Johnson, har undersøkt biletbruken i kvardagsspråket og samanfatta funna sine i boka Metaphors We Live By (1980). Lakoff og Johnson nyttar omgrepet metafor om alle slags språklege bilete, og seier at metaforar handlar om å forstå og røyne noko ut frå noko anna. Med det meiner dei at bileta hjelper oss å forstå noko nytt ut frå noko vi kjenner frå før.

Ordet tidsklemme kan tene som eksempel her: Det er eit relativt nytt omgrep i språket vårt som beskriv ein situasjon der folk slit med å ha tid og overskot nok til både familie og jobb. Ved å samanlikne menneske med ein gjenstand som er låst fast i ei klemme, framhevar vi korleis det kjennest for dei å vere fastlåste i ein situasjon dei ikkje kan kome seg ut av. Vi beskriv altså eit nytt fenomen i samfunnet vårt gjennom noko konkret og velkjent.

Frå konkrete bilete til abstrakte fenomen

Ifølgje Lakoff og Johnson er vi heilt avhengige av å bruke bilete for å kunne beskrive og forstå abstrakte fenomen. La oss ta omgrepet tanke. Kva er tankar? Ikkje kan vi sjå dei, og dei lærde er ikkje samde om vi tenkjer med eller utan ord. Dersom vi skal kunne forstå kva ein tanke er, må vi knyte omgrepet til noko konkret som vi kjenner frå før. Vi kan til dømes samanlikne tankar med

mat:

  • Han slukte ideen rått.
  • Eg treng tid for å fordøye all informasjonen.
  • Det han seier, er berre oppgulp frå boka.
  • Ho må nok få det inn med teskei.

levande vesen:

  • Gamle tenkjemåtar døyr, og nye oppstår.
  • Dei nye tankane fekk lov til å utvikle seg.
  • Kven stammar dette forslaget frå?

varer:

  • Dette argumentet kjøper eg ikkje!
  • Dei greidde å få selt inn ideane sine til styret.
  • Denne informasjonen har ingen verdi for oss.
  • Ideen vår treng litt meir finpuss før han er presentabel.

Ved å sjå likskapar mellom omgrepet og noko vi kan oppfatte med sansane våre, gjer vi det "usynlege" omgrepet til noko synleg og konkret for oss.

Bileta styrer tankane våre

Lakoff og Johnson går endå lenger: Dei hevdar at bileta også styrer måten vi tenkjer og handlar på. Fotballspråket er eit godt døme på dette: Når spelarane angrip høgt oppe på banen, og motstandarane legg seg i forsvar, når skota blir fyrt av og angrepsstrategien til det eine laget knuser det andre, skjøner vi at fotball er ein slags krig. Og det er ikkje tilfeldig at fotballen (og andre idrettar) låner ord og uttrykk nettopp frå krigsspråket, for fotball og idrett har nokre heilt grunnleggjande trekk felles. Målet i både krig og fotball er å sigre over ein motstandar, og for å få til dette må ein følgje ein strategi. Sjølv barn forstår dette nokså raskt, same kor mykje fotballforeldre og -trenarar måtte påstå at det ikkje er så viktig å vinne. Når ordbruken signaliserer krig, da tenkjer vi krig, ikkje leik.

To menn i fotballduell i lufta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konvensjonelle bilete

Bileta i kvardagsspråket kan vi kalle konvensjonelle bilete eller konvensjonelle metaforar. Dei er kulturelt bestemte og felles for alle språkbrukarane. Og fordi dei er ein del av språket vi bruker til dagleg, registrerer vi knapt at det faktisk er bilete vi nyttar. Eit meir tradisjonelt uttrykk for denne typen bilete er døde metaforar. Omgrepet er ikkje heilt heldig, for det kan oppfattast som om desse bileta ikkje lenger er i bruk, og det er altså slett ikkje tilfellet.

Poetiske bilete

Vi kan bruke språket kreativt og skape ferske, nye bilete. Og dersom vi er både dyktige og heldige, klarer vi å skape bilete som kastar heilt nytt lys over ein person, ei kjensle eller ei sak. Slike overraskande bilete gir oss også ei estetisk oppleving, for vi kan gle oss over den gode formuleringa og klangen i orda. I tillegg blir vi kanskje litt klokare. Eit vanleg omgrep for denne typen bilete er poetiske bilete.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2018

Læringsressursar

Språklege verkemiddel