Oppgåve 1
Sannsynlegvis bruker du symbol kvar dag, for når du kommuniserer med andre via mobilen, vel du ofte emojiar i staden for bokstavar.
- Kva betyr symbolikken i samtalen under? Skriv samtalen med berre bokstavar.
- Sjå på den siste samtalen du hadde med nokon på mobilen. Kva symbol bruker du mest, og kva betyr dei?
Oppgåve 2
Sjå på biletet ovanfor. Kva kan kroppsspråket til dei to figurane symbolisere?
Oppgåve 3
Her ser du det samiske flagget. Kva symboliserer ringen og dei ulike fargane? Bruk Internett om du ikkje kan svaret.
Oppgåve 4
Kva står desse tre symbola for?
Oppgåve 5
Dei fire diktlinjene nedanfor er byrjinga på eit dikt som forfattaren og journalisten Nordahl Grieg las opp frå NRKs radiostasjon i Tromsø den 17. mai 1940.
- Kva var annleis enn tidlegare på denne 17. mai?
- Forklar symbolbruken i dei to første linjene.
I dag står flaggstangen naken
blant Eidsvolls grønnende trær.
Men nettopp i denne timen
vet vi hva frihet er.(Grieg, 1940)
Kjelder
Grieg, N. (1940). "I dag står flaggstangen naken", framført på radio 17. mai 1940.
Relatert innhald
CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl, Cecilie Isaksen Eftedal og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2020