Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eufemisme og dysfemisme

Innbruddstyv som bærer på bag og brekkjern. Det er mørkt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Uttrykka nedanfor er eufemismar av ulik art. Forklar kva dei tyder.

  1. Ubedne gjester
  2. Å ha levd ei stund
  3. Vaksenfilm
  4. Mannen med ljåen
  5. Ikkje vel bevart
  6. Pikenes Jens
  7. Innsett
  8. Litt for glad i det sterke
  9. Glamourmodell

Oppgåve 2

Når vi omtaler krig og dei følgjene krig har, bruker vi ofte eufemismar. Forklar kva som skjuler seg bak uttrykka nedanfor. Søk på internett om du ikkje kjenner til uttrykka frå før.

  1. sivile tap
  2. kirurgisk krigføring
  3. Little Boy, Fat Man

Kva kan grunnen vere til at vi ikkje seier rett ut kva som skjer?

Bilde av føttene til en liten gutt som har dødd under et bombeangrep. Resten av kroppen er dekka av et teppe.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3

Samanlikn uttrykka nedanfor. Det eine uttrykket er nøytralt, det andre er ein dysfemisme. Forklar nærare kva dysfemismen tyder.

  1. regjering : regime/makthavarar
  2. hus : rønne
  3. plante : ugras
  4. insekt : utøy
  5. ansvarlege : bakmenn
  6. toleranse : snillisme
  7. tv-sjåar/pc-brukar : skjermrotte

Relatert innhald

Eufemismar er forskjønnande omskrivingar, dysfemismar er omskrivingar med nedsetjande tyding. Lær meir om desse språkelege verkemidla.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2018

Læringsressursar

Språklege verkemiddel