Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Er du ein setningsstablar?

For å kunne svare på spørsmålet "er du ein setningsstablar" må du først vite kva det betyr å stable setningar. No skal du sjå ein film om emnet og jobbe med å lage gode setningar med flyt.

Del 1. Finn de feilen?

Jobb i par, og sjå på setningane under. Finn de ut kva den som har skrive desse, gjer gale?

  • Henrik Ibsen skreiv dramaet Et dukkehjem i 1897, han blei veldig kjend for stykket.

  • For å bli betre til å skrive må du øve mykje, det er viktig å skrive godt for å få gode karakterar.

  • Ivar Aasen er nynorskens far, han reiste rundt i store delar av Noreg for å lage eit nytt skriftspråk.

  • Døden er eit mysterium, spørsmålet om kva som kjem etter livet veit vi ikkje svaret på.

Del 2. Kva er setningsstabling?

Sjå filmen om setningsstabling øvst. Diskuter deretter:

  1. Forstod de kva setningsstabling var?

  2. Trur de at de er setningsstablarar?

Del 3. Er du ein setningsstablar?

Sjå gjennom den siste teksten du skreiv. Finn du døme på setningsstabling?

Del 4. Fiks opp i setningane øvst

Jobb i par, og skriv om dei fire setningane i del 1 etter desse prinsippa frå filmen:

  • Heilsetningar skal ikkje skiljast med komma. Bruk punktum i staden.

  • Bruk ein setningskoplar i starten av setninga for å skape flyt.

Del 5. Varier setningslengda

Eit godt råd for å skape eit spennande språk er å variere setningslengda. Du treng altså ikkje alltid å bruke punktum mellom setningar, men du kan bruke bindeord og lage lengre setningar.

A. Tre kommareglar du må kunne

NB! Lær deg dei tre aller viktigaste kommareglane. Det er essensielt for å binde saman setningar på rett måte.

B. Fiks fem dårlege setningar

Under ser du fem dårlege setningar. Gjer dei gode ved å variere setningslengda og bruke rett teiknsetting og bindeord.

  1. Boka handlar om Gunnlaug Ormstunge, ho har handling frå vikingtida, han utfordrar ein mann som heiter Ravn til holmgang.

  2. Forholdet mellom far og son var dårleg, han kalla sonen for ein feiging, å bli kalla feiging er ikkje noko særleg.

  3. Noreg deltok ikkje i første verdskrigen, dei var med i andre verdskrigen, heldigvis på rett side og vann.

  4. Viss du vil bli god til å skrive må du øve, faktisk er det sånn at når du øver mykje og får framgang vil du plutseleg kunne oppleve skriveglede, kanskje du merkar det neste gong du skal levere inn noko?

  5. Vigdis Hjorth er kjend for å skrive røyndomslitteratur. Som betyr å skrive romanar som handlar om verkelege hendingar. Som nokre av personane som blir skildra i boka kan reagere på.

Relatert innhald

Det er viktig å bruke eit variert språk når du skriv kreativt. Denne oppgåva viser kvifor det er viktig. Her er det lov til å bruke synonymordbok.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2022

Læringsressursar

Bli ein betre skrivar