Hopp til innhald

Fagstoff

Reklameanalyse: Ein modelltekst med tips

Korleis prøver Lerum å overtyde dykk om å kjøpe eplejus? Her skal de først studere og diskutere ein reklameannonse. Deretter skal de lese ein modelltekst og diskutere kvifor denne er ein god analyse av ein samansett tekst.

Del 1

Jobb i grupper:

  1. Diskuter først punkta som er merkt av i bildet under. (Ikkje trykk på dei!) Desse punkta viser sentrale element i den samansette reklameteksten. Kva kan de seie om desse? Prøv å bruke fagomgrep om samansett tekst, biletkomposisjon og reklame når de diskuterer.
  2. Kva for appellform(er) meiner de dominerer i den samansette teksten? Vis til konkrete døme når de grunngir.
  3. Trykk på punkta. Hadde de lagt merke til det mest relevante? Klarte de å bruke nokre fagomgrep då de snakka om punkta i den samansette teksten?
Kva står det i verbalteksten?

Reklamen er ein samansett tekst med eit bilete av ein juskartong frå Lerum i forgrunnen. Dette er produktet som det blir reklamert for. I bakgrunnen er det norsk natur.

Tekst øvst, "overskrift": "Ny pakning" og "Laga av folk som ikkje e eplekjekke"

Brødtekst: "I saftbygda i Sogn har me vore særs opptekne av frukt og bær i over 100 år. Då er det kanskje ikkje så rart at produkta frå Lerum blir så gode. Eplejusen vår er laga av den finaste frukta, som er pressa når ho er på sitt aller beste. Prøv den friske eplejusen vår i ny pakning, kanskje får du litt frukt på hjernen du og."

Tekst på juskartongen: "I generasjonar har Lerum i Sogn foredla produkt basert på dei finaste frukt og bær. Med familienamnet Lerum på produkta gir me ein personleg garanti for at desse er av høg kvalitet".

Tekst ved logo: "Frukt og bær på hjernen i over 100 år"

Del 2. Ein modelltekst

Frisk frukt på hjernen?

Nordmenn elskar norsk natur. Det har Lerum nytta seg av når dei reklamerer for eplejusen sin i ny pakning. Den samansette reklameteksten har som formål å selje jus til nordmenn. Målet prøver dei å nå ved å bruke både det typisk norske, humor og eiga erfaring som salstriks.

Den samansette teksten er ein statisk tekst som inneheld fleire typar verbaltekst og eit bilete. Når det gjeld biletet, er produktet, sjølve eplejusen, plassert i forgrunnen. Det er blikkfanget til biletet. I bakgrunnen ser vi naturen som er så typisk for Sognefjorden. For å ikkje stele merksemd frå produktet er bakgrunnen mild.

Om vi ser nærare på biletet, er eit viktig retorisk verkemiddel bruken av friske fargar og natur. Dette ser vi både i forgrunnen og bakgrunnen til biletet. I forgrunnen ser vi friske, grøne eple og ein juskartong med bilete av ein fjord på. I bakgrunnen blir den norske fjorden gjenteken. Slik skaper fargane inntrykk av at jusen er sunn, naturleg og noko typisk norsk. Når Lerum speler på ønsket til mottakar om å vere sunn, samtidig som dei bruker nasjonalromantiske motiv, speler dei på kjenslene våre. Dei ønskjer å vekkje positive assosiasjonar til produktet. Biletet er altså i stor grad patosprega.

I brødteksten nedst dominerer etosargumenta. Lerum legg vekt på at dei er ein produsent som har lange tradisjonar, og dermed kan faget sitt når dei skriv «I generasjonar har Lerum (…)» og «I saftbygda i Sogn har me vore særs opptekne av frukt og bær i over 100 år». Lerum er ei kjend merkevare hos folk flest. Dei treng derfor ikkje lansere seg som ny og spennande, men viser til stolte tradisjonar og bruker informativt språk for å overtyde kjøparane om at dei har det beste produktet. Ofte er det nemleg slik at folk vel produkt dei kjenner til i butikkhyllene.

Brødteksten har òg ein del språklege verkemiddel som skal spele på kjensler. Mellom anna står det om jusen at han er "frisk", laga av den "finaste" frukta og er "den aller beste". Ved å bruke desse verdiladde orda prøver Lerum å spele på patos for å overtyde oss. I tillegg bruker dei både bydande språk og humor for å skape eit slags usynleg band med potensielle kjøparar, noko som er typisk for den skjulte argumentasjonen. Det appellative språket i setninga "prøv den friske eplejusen vår i ny pakning" speler på kjenslene til mottakarane. Det same gjer den siste humoristiske avslutninga, formulert som ein direkte førespurnad: "kanskje får du frukt på hjernen du og".

Også verbalteksten øvst i den samansette teksten bruker humor. "Laga av folk som ikkje er eplekjekke", står det med ein skrifttype som etterliknar handskrift. Dette ordspelet skal få folk til å trekkje på smilebandet, samtidig som handskrifta gir reklamen eit personleg preg. Målet med begge verkemidla er å skape gode kjensler for Lerum.

Alt i alt er dette ein typisk "norsk" reklame. Det er vanleg at norske reklamar bruker naturen som salstriks. Bruken av den norske naturen skal bidra til at mottakarane får gode kjensler for produktet. Desse friske epla produserte i vakre Sognefjorden, kan dei nyte rett av glaset! Og når all verbalteksten i tillegg er skriven på nynorsk, Noregs eige skriftspråk, trekkjer det i same retning. Men reklamen blir ikkje sjølvhøgtideleg, trass i både mykje etos og patos. Årsaka er den litt sjølvironiske og uhøgtidelege verbalteksten.

Del 3: Kvifor er dette ein god analyse?

Ein modelltekst kan hjelpe deg til å forstå korleis du skal skrive din eigen tekst. Men for å verkeleg forstå korleis du skal gå fram, er det lurt å "dekonstruere" modellteksten. Det vil seie at du bør gå nøye gjennom han for å forstå kva som gjer han god.

I oppgåva under vil du finne spørsmål som skal hjelpe deg til å reflektere over styrkane til analysen. Sit gjerne saman i grupper og diskuter spørsmåla, før de blar vidare og les kommentarane til teksten.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2020

Læringsressursar

Bli ein betre skrivar