Korleis skrive om funksjonen til verkemiddelet? - Norsk (YF) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Korleis skrive om funksjonen til verkemiddelet?

Har du høyrt læraren din seie "de må hugse å skrive om kva funksjon verkemiddelet har"? Mange elevar synest det er vanskeleg å få dette til på ein god måte, men øving gjer meister. Her finn du både tips, øvingar og svarforslag.

Del 1. Bli kjent med teksten

Denne øvinga tek utgangspunkt i teksten "Tusen tegninger" av Karpe. Derfor bør du aller først nærlese diktet. Det vil seie at du

  1. les diktet fleire gonger og prøver å formulere det du meiner er temaet
  2. markerer det du meiner er dei viktigaste verkemidla i diktet
  3. diskuterer funna med andre i klassen

Del 2. Funksjonen til verkemidla

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020