Tips til novelleanalyse av "Det ødelagte gjerdet"
Denne ressursen skal vere til hjelp for deg som synest det er vanskeleg å skrive lengre tekstar. Skjønar du ikkje heilt kva du skal sjå etter når du skal analysere tekstar? Spørsmåla under kan forhåpentlegvis hjelpe deg på veg.
I tillegg vil du finne hjelpesetningar som du kan bruke i teksten din. Desse er fine for deg som slit med skrivesperre eller å starte setningar på ein god måte.
Når du formulerer motivet, skal du ikkje tolke novella. Du skal berre fortelje att det som skjer i novella. Nokre tips:
- Sjå for deg novella som ein film. Formuler kort (50–100 ord) kva som skjer.
- Introduser dei to para i novella. Dei er alle fire hovudpersonar.
- Bruk fagomgrepet "parallellhandling" om oppbygginga av novella. For her er det jo to historier som skjer samtidig.
Ei presis formulering av det du meiner er temaet, må du sjølvsagt få til sjølv, men her er nokre tips til kva som kan vere viktig å sjå etter:
- Kvifor trur du forfattaren har valt å byggje opp novella av to parallellhandlingar, der synsvinkelen skiftar mellom eit gammalt og eit ungt par?
- Dei to para har ulike syn på kva som bør gjerast med gjerdet. Finn sitat i novella som viser dette. Kva kan det bety?
- Korleis er stemninga og tonen mellom den gamle mannen og den gamle kvinnen? Korleis snakkar dei til kvarandre? Samanlikn med nokre replikkar mellom det unge paret.
- Kva seier den unge jenta om korleis det må vere å bli gammal? Og kva seier den gamle mannen om å vere ung?
Når du skal skrive novelleanalysar, er det viktig at du skriv om det viktigaste verkemiddelet først. Og i "Det ødelagte gjerdet" er trekk ved komposisjon spesielt viktig å skrive om. Forfattaren har teke nokre val som gjer at komposisjonen skil seg noko ut. Det er viktig å både beskrive desse trekka og reflektere over kvifor han vel å skrive slik.
- Parallellhandlingane er ein viktig del av komposisjonen. Kanskje kan du bruke fagomgrepet kontrast om stemninga i parallellhandlingane? Kva er det som står i kontrast til kvarandre? Eit tips: Legg merke til korleis kvinnene reagerer når mennene tek dei på låret.
- Eit viktig verkemiddel er korleis handlinga nesten umerkeleg glir – i ei og same setning – frå det unge til det gamle paret. Finn ein passasje der dette skjer. Kva funksjon har dette?
- Har novella eit tydeleg høgde- eller vendepunkt? Kvar er i så fall det?
Kva namn vil du setje på forteljar og synsvinkel? Her bør du leggje merke til:
- Kva pronomen blir brukte? Han/ho eller eg?
- Kjem vi inn i tankane til nokon av personane?
- Ligg synsvinkelen hos ein eller fleire av personane i novella?
- Gjentakingar: Legg merke til koppane med dei oransje blomstrane, det øydelagte gjerdet og sola.
- Symbolikk: Sola blir ikkje berre gjenteke, ho kan òg vere eit symbol. Korleis då? Les til dømes avslutninga av novella. Her er sola "raud". Når blir ho det? Og kva kan det bety?
- Symbolikk: Det øydelagte gjerdet – kva kan det bety? Finn sitat som handlar om dette og reflekter rundt korleis dei to para snakkar om gjerdet.
Du skal alltid vie tittelen og avslutninga av ei novelle spesiell merksemd når du skriv novelleanalysar. Kanskje har du allereie skrive om "det øydelagte gjerdet" og "den raude sola", men bruk likevel nokre setningar til å reflektere over korleis avslutninga og tittelen er viktig for temaet.
Relatert innhald
"Det ødelagte gjerdet" av Breiteig. Ei mystisk novelle om to par i ulike fasar av livet. Målet er å tolke novella i eit klassefellesskap der alle bidrar.