Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Språkdommarane

Vi innrømmer det kanskje ikkje, men vi er alle språkdommarar. Vi dømmer andre sitt språk. Somme gjer det meir enn andre, men alle gjer det. Kva og kor mykje vi dømmer, kjem an på kva språksyn vi har.

Oppgåve

Del 1: Språket ditt

  1. Korleis uttaler du hokjønnsord som "myr" og "stund" i bestemd form eintal, og inkjekjønnsorda "barn" og "ord" og "øye/auge" i bestemd form fleirtal?

    • Tips: Det kan vere vanskeleg å seie korleis du snakkar, fordi du må skilje korleis du trur eller håper du snakkar, frå korleis du faktisk snakkar. Tenk deg derfor godt om. Kanskje må du spørje ein ven.
  2. Finn ut om uttalen av desse bestemde formene varierer i gruppa, klassen eller på staden du bur.

    • Kva for variantar blir i så fall brukte?
    • Kvifor er det, eller kvifor er det ikkje – variasjon?
    • Blir ein eller fleire variantar sett på som finare enn andre? Kvifor er det slik?
  3. Skriv du desse bestemde formene som du uttaler dei? Kvifor/kvifor ikkje?

Del 2: Samanlikn ulike språksyn

Du skal samanlikne og diskutere innhaldet i eldre og nyare tekstar. Tekstane formidlar ulike syn på forholdet mellom språk og samfunn, og dei gir uttrykk for korleis språket bør vere. Vi seier at tekstane gir uttrykk for ulike språksyn.

Les tekstane ved å bla i lysbileta nedanfor. Svar deretter på spørsmåla under.

  1. Både Munch og Sarromaa trekkjer fram ord eller språktrekk dei omtaler som "stygge".

    • Kva har døma dei trekkjer fram til felles?
    • Kva trur du dei legg i ordet "stygt"?
  2. Ivar Aasen skriv at mange på hans tid kanskje var vande til å "forakte folkespråket". Diskuter om sitata frå Munchs og Sarromaas tekstar viser "forakt" for folkespråket eller ikkje.
  3. "Dette bygger på fordommer og vaner", skriv Aasen. Kva fordommar trur du han siktar til?
  4. Samanlikn Ivar Aasens tekst med sitata frå utkastet til ny norsk språklov. Kva uttrykkjer tekstane om forholdet mellom språk og identitet?
  5. Sanna Sarromaa blei kritisert for å vere historielaus i kritikken sin av den store valfridommen i norsk rettskriving. Kva kan vere grunnar til det? (Heile kronikken hennar kan de lese på Vg.no)

Del 3: Å felle dom over andre sitt språk

Diskuter:

  1. Kva synest de om dei orda eller språktrekka Munch og Sarromaa omtaler som stygge?
  2. Kva synest de om å vurdere andre sitt språk som "stygt" eller "fint"?
  3. Kvifor feller vi dom over språket til andre på denne måten?

Del 4

Bruk det du har jobba med som utgangspunkt for å skrive ein tekst. Vel ei av oppgåvene nedanfor:

  1. BLOGGINNLEGG – Viss eg fekk bestemme reglane: Som eit innlegg i debatten om valfridom i rettskrivinga skriv du eit innlegg på bloggen din med tittelen "Viss eg fekk bestemme reglane". Der argumenterer du for meiningane dine knytte til spørsmålet om valfridom eller ikkje i norsk skriftspråk.
  2. KRONIKK – Skriftspråket og identiteten min: Som eit innlegg i debatten om kva som skal vere lov og ikkje lov å skrive, skriv du ein kronikk med tittelen "Skriftspråket og identiteten min". Der gir du uttrykk for synet ditt på valfridom og forholdet mellom talespråk, skriftspråk og identitet.
  3. ESSAY/KÅSERI – Norsk skriftspråk før og no: Du har blitt 70 år og vil gjerne sende ein tekst til avisa om norsk skriftspråk då du var ung. Du ønskjer å vise korleis norsk skriftspråk har utvikla seg på 50 år. Du bestemmer sjølv om du vil skrive eit essay, eller om du vil skrive manus til eit kåseri som du filmar eller tek lydopptak av.

Relatert innhald

Norsk er blant skriftspråka i verda med størst valfridom i rettskrivinga. Korleis blei det sånn? Det starta allereie på 1800-talet.

Kjelder:

Aasen, Ivar. (1836). Om vort Skriftsprog. I: Eskil Hanssen. (1979). Fra norsk språkhistorie. En antologi. S. 157-161. Universitetsforlaget. Oslo-Bergen-Tromsø.

Kulturdepartementet. (2019-2020). Prop. 108 L. Proposisjon til Stortinget (forslag om lovvedtak). Lov om språk (språklova). Lasta ned 11.02.21 frå: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-108-l-20192020/id2701451/

Munch, P. A. (1832). Norsk Sprogreformation. I: Gustav Storm. (1873). P. A. Munch – Samlede Afhandlinger. Alb. Cammermeyer. Christiania.

Sarromaa, S. (2020, 9. mars). Det norske språket er en vits. VG Meninger. https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/qoajz8/sanna-sarromaa-det-norske-spraaket-er-en-vits

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2021

Læringsressursar

Språk og samfunn