Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Språkteknologi - hjelp, trussel eller begge deler?

Teknologien utviklar seg i rasande fart, også innanfor språk. Undersøk og diskuter kva konsekvensar det kan få.

Oppgåve 1. Kva er språkteknologi?

Språkteknologi er en fellesbetegnelse på datateknologi som brukes til å analysere, gjengi eller endre språkdata og til å styre andre applikasjoner ved hjelp av språklige inndata.

Noen eksempler på bruk av språkteknologi er automatisk stavekontroll, syntetisk tale og talestyring av utstyr eller applikasjoner.

(Andersen, 2021)

Del 1

Hjelp kvarandre til å forstå definisjonen av språkteknologi i sitatet over ved å gjere oppgåvene:

  1. Kva betyr "språkdata", "inndata" og "applikasjon"? Bruk til dømes ordbok eller søk på internett.

  2. Lag ei liste med døme på språkteknologi. Start med døma i sitatet over, og utvid med døme frå Språkrådet og Universitetet i Bergen. Kor mange kjem de på utover desse døma?

  3. Sjå på lista dykkar over døme på språkteknologi, inkludert døma i definisjonen over. Kva for nokre av dei analyserer, kva for nokre gir att, og kva endrar språkdata?

Del 2

  1. Kor ofte og på kva måtar bruker de språkteknologi på skulen og i kvardagen?

  2. Er det språkteknologi de ikkje kunne klart dykk utan?

  3. Kva slags språkteknologi skulle de ønskje fanst?

Oppgåve 2. Fordelar og ulemper ved språkteknologi

Ta utgangspunkt i dei to videoane under og drøft fordelar og ulemper med språkteknologi.

  • Er språkteknologi nøkkelen til betre forståing av språk, den hjelpa dyslektikarar treng og redninga for minoritetsspråk? Eller er det den største fienden til dei små språka?

  • Treng vi i framtida å lære å skrive viss datamaskinene gjer det for oss?

  • Vil vi trenge å lære andre språk enn engelsk?


Sjå videoen Informatikk: språkteknologi (bachelor) (youtube.com) frå Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, UiO.


Sjå videoen Tredemølla | Smarthus II | REMA 1000 (youtube.com) frå Rema 1000.


Oppgåve 3. Språkteknologi og kunstig intelligens

I artikkelen "Nå kan maskinene tolke hva du føler og mener" (forskning.no) kan du lese om møtet mellom språkteknologi og kunstig intelligens (AI).

Les artikkelen og gjer oppgåvene i grupper:

  1. Kva er sentimentanalyse, og kva er ifølgje artikkelen formålet med teknologien.

  2. Diskuter moglege styrkar og svakheiter ved denne teknologien.

  3. Diskuter moglege fordelar og ulemper ved denne teknologien.

  4. Kan utviklinga av liknande teknologi ha innverknad på språket vårt på nett? Kvifor / kvifor ikkje?

Oppgåve 4. Omsetjingsprogram

  1. Kor ofte bruker du omsetjingsprogram i samband med skulearbeid? Kva program bruker du og til kva?

  2. Det er godt kjent at program som Apertium blir brukt av elevar til å omsetje tekstar frå bokmål til nynorsk. Kva fordelar og ulemper har det? Diskuter med medelevar.

  3. Les debattinnlegget til Geir Olav Kinn frå Norsk Lektorlag (aftenposten.no) om omsetjingsprogram. Kva problem peikar han på?

  4. I dag er det ikkje lov å bruke omsetjingsprogram på eksamen. Kinn, i artikkelen over, foreslår to løysingar. Kva trur de er sannsynleg at vil skje? Kva andre moglege løysingar kan finnast?

Oppgåve 5. Språkteknologi og dei små språka

Del 1

Diskuter påstandane:

  1. Språkteknologisk utvikling vil gjere engelsk mindre viktig.

  2. Språkteknologisk utvikling vil styrkje minoritetsspråk og andre små språk i verda.

  3. Det er viktig at språkteknologi er tilgjengeleg på alle språk.

  4. Det er viktig at talesynteseteknologi, som til dømes Google Home, forstår dialekt.

Del 2: Kven har ansvaret?

Er det er teknologiprodusentane eller det offentlege som har ansvaret for å leggje til rette for dei små språka på digitale plattformer?

Gjennomfør ein gruppe- eller klasseromsdebatt der de debatterer følgjande:

  1. Er det viktig å leggje til rette for dei små språka?

  2. Kven har bør ha ansvaret for slik tilrettelegging?

Sett dykk inn i saka ved å lese artiklane under:

Kjelder

Andersen, G. (2021). Språkteknologi. Sist oppdatert 1. mars 2021. Henta frå: Store norske leksikon. https://snl.no/spr%C3%A5kteknologi (juni 2021).

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Christian Lund og Marthe Moe.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2021

Læringsressursar

Språk og samfunn