Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Beklagar, språket ditt sel ikkje!

Er internett venen eller fienden til nynorsken?

Oppgåve

Del 1: Kva veit du om språk og teknologi?

Tenk gjennom og skriv ned nokre stikkord til spørsmåla nedanfor. Drøft dei deretter med éin eller fleire medelevar.

  1. Korleis kan dagens digitale teknologi – til dømes datamaskinar, internett og mobilteknologi – hjelpe oss å verne og styrkje mangfaldet av språk og dialektar?

  2. Korleis kan den same teknologien eventuelt bidra til det motsette?

Del 2: Når språket ditt ikkje sel

Nettbutikken Flor frå Voss bytte i 2021 frå nynorsk til bokmål på nettsidene sine for å unngå konkurs. Les artikkelen på nm.no

  1. Kvifor valde butikkinnehavar Kristin Lemme nynorsk i utgangspunktet?

  2. Kva var hovudgrunnen til at Kristin Lemme valde å gå over til bokmål i nettbutikken sin?

  3. Å gå over til bokmål var berre éin av fleire alternative løysingar for innehavaren av Flor. Kvifor valde ho ikkje eit av dei andre alternativa?

  4. Kan du tenkje deg andre moglege fordelar eller ulemper ved å bruke såkalla metatagging på nett, enn det som allereie kjem fram i artikkelen?

  5. Både Kari Traa og Kristin Lemme meiner nynorsk var viktig for identiteten til bedrifta. Kva trur du dei meiner med det?

Del 3: Søk og samanlikn

Søk etter "arbeidsklær" og deretter "arbeidsklede" med Google.

  1. Kva forskjellar finn du når det gjeld

    • talet på treff

    • eventuelle søkeforslag frå Google

    • kva slags nettsider som utgjer den første sida med søkeresultater

    • kva slags bilete søkeresultatet gir, og korleis dei er plasserte

    • eventuelt andre forskjellar

  2. Kva konklusjonar kan du trekkje frå søkeerfaringene du nettopp fekk? Diskuter gjerne svaret med andre.

Del 4: Drøft og reflekter

Det er lett å sjå for seg at situasjonen til Kristin Lemme og nettbutikken Flor òg gjeld for andre minoritetsspråk i Noreg, til dømes samisk. Ja, til og med norsk blir eit lite språk målt opp mot engelsk.

Diskuter i grupper:

  • Korleis kan vi leggje endå betre til rette for dei små språka på internett eller på digitale plattformer generelt?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2021

Læringsressursar

Språk og samfunn