Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Krt, 1kelt & personle

Sosiale medium formar liva våre, men formar dei språket? I desse oppgåvene skal du reflektere over eigen språkbruk.

Oppgåve 1. Er teiknsetjing "care"?

Del 1

  1. Beskriv og gi døme på forskjellane mellom språket du bruker når du skriv tekstar på skulen og chattar med vener i sosiale medium. Ta utgangspunkt i punkta nedanfor:

    • ordtilfang

    • teiknsetjing

    • setningsoppbygging

    • rettskriving

  2. Lærarane dine vil antakeleg rette deg viss du skriv "care", "lø", "lol" eller "serr". Gjer dei rett i det, eller bør dei tillate det? Grunngi svaret.

Del 2

Diskuter i grupper:

  1. Kvifor skriv vi meir som vi snakkar når vi bruker sosiale medium?

  2. Mange tilpassar språket sitt til ulike sosiale medium, og det gjer kanskje de òg? Diskuter følgjande:

    1. Mellom kva for sosiale medium er språkforskjellane størst?

    2. Kva skil språket du bruker i desse media?

    3. Kvifor bruker du ulikt språk i desse media?

  3. Diskuter påstanden: Språket i sosiale medium påverkar ikkje standardspråket, men er avgrensa til sosiale medium og bestemde sosial grupper.

Oppgåve 2. Formelt og uformelt

  1. Vi skriv oftare i kvardagen enn før. I kva for ulike situasjonar skriv du i løpet av ei gjennomsnittleg veke?

  2. I kva situasjonar skriv du formelt, og i kva situasjonar skriv du uformelt? Tips: Lag tre kolonnar i Word med overskriftene "Formelt", "Midt i mellom" og "Uformelt".

  3. Vel ein situasjon frå kvar kategori, og prøv å beskrive konkret kva som gjer språket uformelt eller formelt.

  4. Språkforskarane seier det er færre situasjonar der vi opplever det naturleg å vere formelle enn før. Kva kan vere årsakene til det?

Oppgåve 3. Eit generasjonsspørsmål

Del 1

Den digitale teknologien utviklar seg i høgt tempo og gjer at nye ord oppstår og andre ord blir "gamaldagse". Mange nye ord er såkalla "moteord", ord som gjerne blir brukte i ein kortare eller lengre periode.

  1. Kva ord eller uttrykk er på moten på internett og i sosiale medium akkurat no?

  2. Kva ord er "gamaldagse", eller "so last year"?

  3. Er det norske eller engelske ord/uttrykk som dominerer mellom moteorda og dei "gamaldagse" orda?

  4. Korleis ville du ha forklart dei følgjande orda for besteforeldra dine?

    • emneknagg

    • meme

    • BUMP

Del 2

Før lot man håret vokse for å markere generasjonsskille, mens nå brukes språket i enda større grad.

Stian Hårstad, språkforskar ved NTNU (Hammersmark 2018)

Diskuter:

  1. Korleis bruker du og venene dine språket til å markere tilhøyrsel til kvarandre og avstand til dei vaksne?

  2. Vaksne bruker òg språket for å markere eit skilje mellom seg og ungdom. Korleis trur de dei gjer det?

  3. Har de døme på ord, uttrykk, emojiar eller liknande som de ikkje bruker lenger fordi foreldra deira bruker dei?

  4. Kvifor er det "kleint" når dei vaksne byrjar å bruke ungdomsspråket?

Del 3

Mange eldre synest det er vanskeleg å følgje med på den teknologiske utviklinga. For det første er det mange som ikkje forstår språket som blir brukt i tilknyting til digitale plattformer og sosiale medium. For det andre blir mykje informasjon spreidd i digitale kanalar som den eldre generasjonen ikkje bruker.

  • Diskuter påstanden: Det digitale generasjonsskiljet er både eit språkleg og eit demokratisk problem.

Oppgåve 4. Dialekt i sosiale medium

Del 1

Vel eitt av alternativa nedanfor. La setninga vere overskrift i eit Word-dokument, og skriv fritt i fem minutt.

  1. Derfor bruker eg dialekt når eg skriv i sosiale medium

  2. Derfor bruker eg ikkje dialekt når eg skriv i sosiale medium

Del 2

Dann grupper som består berre av dei som valde det same alternativet over.

Diskuter følgjande: Korleis trur de dei som valde det andre alternativet, argumenterer for seg?

Del 3

Dann grupper som består av både nokon som valde alternativ 1 og nokon som valde alternativ 2.

  1. Fortel kvarandre først kva de tenkte om kvarandre sine argument.

  2. Del deretter eigne argument med kvarandre.

Diskuter så følgjande i gruppa:

  1. Kva er fordelar og ulemper med å skrive på dialekt?

  2. Er det nokon situasjonar der dialekt passar betre enn andre?

  3. Får dei som ofte skriv dialekt, dårlegare rettskrivingsferdigheiter?

Oppgåve 5. Språk i kommentarfelt

Del 1

Blogginnlegget Dialekt i kommentarfelt (uit.no) er skrive av ein student ved Universitetet i Tromsø. Les innlegget, og svar på spørsmåla under:

  1. Kva rolle kan haldningane folk har til språk og språkstil, ha for om folk bruker dialekt eller ikkje i kommentarfelt?

  2. Kvifor trur du det er vanlegare å skrive dialekt når det er saker som engasjerer eller provoserer?

Oppgåve 6. Fagartikkel eller essay

Skriv anten ein fagartikkel eller eit essay der du drøftar "språk og sosiale medium". Spørsmåla i oppgåvene over gir deg nokre moment du kan trekkje inn i teksten din.

Kjelder

Hammersmark, K. B. (2018, 3. desember). Ikke svar med tommel opp. NRK. https://www.nrk.no/livsstil/_-ikke-svar-med-tommel-opp-1.14238784

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2021

Læringsressursar

Språk og samfunn