Hopp til innhald

Fagstoff

Rolandskvadet

«Rolandskvadet» er det eldste bevarte franske heltediktet, og det mest kjende. Kvadet vart skrive ned rundt år 1100 og handlar om Karl den store og dei tolv kjempene hans, mellom dei Roland og Holger danske.
Gammel bokillustrasjon som viser Karl den store som sørger over den døde Roland. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fransk heltedikt i norrøn gjendikting

Teksten finst i fleire versjonar. Den lengste er på 4000 verselinjer. Kvadet er omsett til norrønt («Karlamagnussaga»), og det finst ein norsk versjon frå 1934. Vi finn historia om Roland også i folkevisa «Roland og Magnus kongjen». «Magnus kongjen» er Karl den store («magnus» tyder ‘den store’ på latin).

Diktaren er ein elles ukjend mann ved namn Turold (Thorvald). Namnet kan tyde på at han var frå Normandie, den delen av Frankrike som vart erobra av vikingar på 900-talet. Desse vikingane blanda seg med folket på staden og gjekk over til å snakke fransk.

Les meir om den historiske bakgrunnen for kvadet

Vi har berre éi historisk kjelde som fortel om Roland, og det er Einhard, ein lærd historikar som skreiv ein biografi om Karl den store få år etter at keisaren var død.

I 778 drog Karl den store på eit felttog mot maurarane (arabarane), som hadde erobra store delar av Spania. På veg attende til Frankrike vart baktroppen hans overfallen ved Roncevaux [ronsevå], eit fjellpass i Pyreneane. Det var rett nok baskarar, ikkje maurarar, som stod bak overfallet. Einhard nemner i biografien at både Hruodland, som var markgreve i Britannia (Bretagne), og fleire andre vart drepne i slaget ved Roncevaux i 778.

Det gjekk mange hundre år før dei kristne vann tilbake Spania og Portugal, og først i 1492 vart den siste mauriske herskaren kasta ut av Granada.

Heltekvad

Heltekvada skildrar heroiske hendingar i forhistoria til ei folkegruppe. Dei vart mellom anna brukte til å mobilisere folket til krig mot ytre fiendar.

Handlinga i kvadet

Roland er nevø av Karl den store og leiar for baktroppen i hæren til keisaren. Keisaren er med hæren sin på veg tilbake frå Spania over Pyreneane. Ein svikar får ordna eit overfall på Roland og baktroppen frå maurarane.

Roland har eit horn, Olifant, som han kan bruke for å tilkalle hovudtroppen. Men han nektar først å bruke hornet. Han er overmodig og trur han kan slå fienden utan hjelp.

Roland og mennene hans maktar å drive maurarane på flukt, men prisen for sigeren er høg: Alle som ein fell i kampen. Når mest alle mennene hans er døde, blæs Roland i hornet. Han vil at keisaren skal hemne han og dei andre døde. Det gjer Karl den store: Han nedkjempar fienden og straffar svikaren og ætta hans.

Før Roland døyr, vedgår han at han har synda. Det er han som er skuldig i at alle mennene er døde, han burde ikkje ha venta med å blåse i hornet for å tilkalle hjelp. Han rekkjer hansken sin til Gud, og Gud tek imot hansken. Gud har gjort Rolands overmodige handling til ein reiskap for kristendommen: Fienden er slått tilbake.

Relatert innhald

Heltedikt byggjer på segner og mytar frå førestillingar som ein stamme eller ein nasjon har om den heroiske fortida si.

CC BY-SASkrive av Oddvar Engan, Ragna Marie Tørdal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2018

Læringsressursar

Heltar