Kritisk lesing av Harry Potter
Harry Potter er ein av dei største heltane i vår tid. Men kva verdiar er det eigentleg bokserien lærer barn og ungdom?
Del 1: Kva veit de om Harry Potter?
Kva forhold har klassen til Harry Potter? Diskuter i fellesskap:
- Kor mange i klassen har lese ei Harry Potter-bok eller sett ein Harry Potter-film?
- Kva eigenskapar gjer Harry Potter til ein helt?
- Korleis er familien Harry veks opp i?
- Kven er Dudleif?
Del 2: Dudleif, Harry sitt motstykke
I denne oppgåva skal du nærlese personskildringa av Harry sin fetter, Dudleif, for å finne ut av korleis forfattaren, J.K. Rowling, framstiller ein karakter det er meininga at lesaren skal mislike. Undervegs i lesinga er det svært viktig at du noterer.
Gå inn på Cappelen Damm AS sine sider på issuu.com og les utdrag frå bok tre, dei første ni sidene av boka Harry Potter og mysteriekammeret
Du kan laste ned sidene som PDF-fil, slik at det er lettare å lese dei.
- Skriv inn svar på spørsmåla i skjemaet under.
- Samanlikn svara med ein annan i klassen.
Del 3: Diskuter i klassen
- Kva eigenskapar er det som blir framheva som negative ved Dudleif?
- Kvifor trur de J.K. Rowling har valt akkurat desse eigenskapane?
- Kven er målgruppa for Harry Potter-bøkene?
Diskuter dei tre påstandane under:
- Skildringane av Dudleif er uskyldig moro.
- Skildringane av Dudleif bidreg til å stigmatisere overvektige menneske.
- Sidan barn og ungdom er målgruppa for bøkene, kan dei føre til forakt for fedme og eteforstyrringar.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2020