Hopp til innhald

Fagstoff

Heltar før og no

Kva er ein helt? Dette spørsmålet skal vi prøve å svare på ved å sjå på tekstar frå år 1000–1850. Vi vil òg prøve å finne ut av kva som kjenneteiknar heltar i tekstar i dag.

Kva er ein helt?

Kva er eigentleg ein helt? Ifølgje Det Norske Akademis ordbok er det ein "uredd og tapper person som utfører, har utført store bedrifter" (naob.no). Ordboka gir altså helten eigenskapar som "uredd" og "tapper". Bokmålsordboka skriv at helten er ein "person som har blitt berømt for stort mot". Så vi kan altså konkludere med at ein helt, om vi skal følgje definisjonane til ordbøkene, er ein person som har blitt berømt for å vere uredd, tapper og vise mot.

Vi finn sjølvsagt heltar i verkelegheita, men i det følgjande skal vi undersøkje heltar i litteraturen. Forfattarar gjennom alle tider har nemleg likt å skrive om helten.

Helten i den tidlegaste europeiske litteraturen

Noko av den tidlegaste nedskrivne litteraturen i Europa har nettopp helten som tema. Både Iliaden og Odysseen blir rekna som heltedikt. Verka blei sannsynlegvis skrivne 700 år før tidsrekninga vår, og det er stort sett grekaren Homer som blir rekna som forfattaren av bøkene. Men dette er vi ikkje sikre på. Felles for dei begge er at vi trur historiene blei fortalde munnleg før dei blei skrivne ned. I tillegg er begge skrivne på vers. Iliaden fortel om heltar som krigar, medan Odysseens helt, Odyssevs – òg ein krigar – reiser heim frå krigen, møter motstand på turen, men overvinn denne med klokskap og mot.

Ei kjempe står på ei øy og skal til å kaste ein diger stein på ein båt med greske krigarar i. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den norrøne litteraturen

Viss vi ser på vår eigen tidlegaste litteratur, så er det liten tvil om at krig og konflikt er bakteppe for dei fleste heltehistoriene frå denne tida. I Noreg kan vi seie at litteraturproduksjonen verkeleg kom i gong då vi innførte det latinske alfabetet rundt år 1100 (snl.no). Men det er viktig å leggje merke til at mange av historiene som blei nedskrivne på denne tida, hadde eksistert som munnlege forteljingar som blei overførte mellom generasjonane i hundrevis av år. Det er særleg heltehistoriene frå vikingtida som blei nedskrivne.

Ein vakker, høgreist mann prøver eit sverd inne i ei smie. Smeden sjølv, forkrøpla Fåvne, står til venstre. Gammal illustrasjon.

Heltedikt

Heltedikta i Den eldre Edda byggjer på segn som har røter heilt tilbake i folkevandringstida. Dikta levde på folkemunne i mange hundre år før dei blei skrivne ned. Fleire av heltegjerningene har overmenneskelege dimensjonar. Heltane kjempar både mot ytre farar og mot det indre samvitet sitt.

Fleire av heltedikta i Den eldre Edda fortel om Sigurd Fåvnesbane. Desse segnene går igjen i heile det germanske språkområdet, mellom anna i det tyske heltediktet «Nibelungenlied».

Heltane i ættesagaene

Islendingesagaene er nok den mest kjende sjangeren frå norrøn litteratur. Alt i alt finst det i dag omtrent 40 sagaer. Mange av dei har blitt oppkalla etter hovudpersonen i sagaen: Njålssagaen blir rekna som den viktigaste. Andre kjende sagaer er Sagaen om Egil Skallagrimsson, Sagaen om Gisle Sursson og Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Alle handlar om menn som må sjåast på som typiske heltar i si tid. Kva kjenneteiknar eigentleg desse hovudpersonane?

Handlekraft og musklar

Mange ser kanskje for seg at personane som har fått sagaer oppkalla etter seg, berre er sterke, tøffe og modige. Og ja – du fekk ikkje ein saga oppkalla etter deg om du var ein svak feiging. Ideal som blir dyrka i sagaene er først og fremst handlekraft. Den norrøne idealmannen var til dømes ikkje redd for å ta hemn om han blei fornærma eller nokon trua han eller familien hans. Saganedskrivarane beskriv òg utsjånaden til personane nøye. Og gjennomgåande for alle dei som blir dyrka som heltar, er at dei er muskuløse og sterke.

Sjå til dømes på personskildringa av den eine hovudpersonen i Njålssaga, Gunnar. Her er det dei fysiske eigenskapane hans som blir vektlagde:

Han kunne hogge eller stikke med den ene eller andre hånden som han ville, og han hogg så kjapt med sverdet at det så ut som om det var tre sverd i luften. Han var den beste bueskytter og traff alltid det han siktet på. Han kunne hoppe mer enn sin egen høyde i fulle stridsklær og ikke kortere baklengs enn framover. Han svømte som en sel (Jørgensen, 2018).

Ein viking med hest stirar tilbake. Gammal illustrasjon.

Klokskap

Men også klokskap blei sett høgt i ættesagaene. Mange av heltane i historiene er kunnskapsrike og reflekterte. Ein annan helt frå Njålssaga, Njål sjølv, blir beskriven på denne måten:

Han var så lovkyndig at ingen kunne måle seg med ham. Han var klok og klarsynt, godhjertet og en god rådgiver, og det gikk alltid bra for de som fulgte hans råd. Han var stillfarende og pålitelig. Han løste vanskeligheter for alle som oppsøkte ham. (Jørgensen, 2018).

Normbrytarar

Eit interessant trekk ved heltane frå ættesagaene er at dei langt frå er perfekte. Dei bryt ofte med normene og blir mislikte av andre fordi dei seier eller gjer noko som "går over streken". Så desse heltane er altså ikkje perfekte. Dei har eit karaktertrekk, eller ein feil, som skaper trøbbel for dei.

Gunnlaug og Egil – aggressive individualistar

Eit godt døme er Gunnlaug frå Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Han er spydig og har eit veldig temperament. På den første turen sin til Noreg gjer han narr av ein av mennene til kongen, Tore. Tore svarer ved å seie "Han er stor i munnen, denne islendingen". Gunnlaug svarar han med ein frekk replikk i form av eit kvad, og då tek Tore til øksa klar for hogg. Heller ikkje Egil i Egilssaga er lett å like. I motsetning til mange av heltane blir han beskriven som stygg. I tillegg var han brutal, ekstremt aggressiv og hemngjerrig.

Torgils bryt med kjønnsnormene

Eit normbrot av ein annan art finn vi i Sagaen om Floafolket. Helten i denne historia, Torgils, gjer noko som er svært lite typisk for vikinghelten: Han ammar sitt eige barn. Å handle umandig, altså gjere noko som blei rekna som ein kvinnesyssel, blei sett på som svært lite ærefullt. Men årsaka til at Torgils gjer dette valet, er at kona hans nettopp er drepen, og han ser inga anna moglegheit:

Om natten ville Torgils våke over gutten, og sa han kunne ikke se hvordan barnet kunne leve lenge etter dette, - ”og jeg vil ta det tungt, hvis jeg ikke kan hjelpe ham; la oss først prøve å skjære i brystvorten min,” – og det ble gjort. Først rant det ut blod, siden blandet væske, og han holdt ikke opp før det kom melk, og den ble gutten fødd opp på.

Seinare i sagaen opplever Torgils å bli spotta for denne handlinga. Men han er elles framstilt som ein helt. Dermed må det seiast at Torgils si feminine amming ikkje øydelegg heltestatusen hans. Årsaka er kanskje at han først og fremst viser ein annan eigenskap som overgår den feminine handlinga: Han viser handlekraft og mot (Bliksrud, 2008).

Oppsummering av den norrøne helten

Vi kan altså konkludere med at dei norrøne heltane var sterke, handlekraftige og ærekjære. Men samtidig kunne dei gjerne ha eit temperament som gjekk over styr, og dei braut det som var god folkeskikk. Heltane var komplekse. Det vil seie at dei kunne vise både svake og sterke sider. Men eitt trekk går igjen: mot og handlekraft.

Men kva med kvinnene?

Men kva med kvinnene? Det er viktig å merke seg at sjølv om kvinnene hadde ei friare stilling i vikingtida enn etter at kristendommen blei innført, så finst det ikkje ein einaste saga oppkalla etter ei kvinne. Dette fortel oss at mennene var dei litterære superstjernene. For sånn var det rett og slett: Sjølv om vikingkvinna hadde viktige oppgåver, av og til var med på tokt og tok avgjerder i heimen, så var vikingtida mannsdominert. Kvinnene i sagaene kunne godt eggje til konfliktar, men heltar var dei stort sett ikkje.

Sagaen om laksedølane

Vikingkvinne smiler til viking med spyd i handa. Gammal illustrasjon.

Eit unntak må vere Sagaen om laksedølane. Her speler kvinner sentrale roller. Og vi har døme på kvinnekarakterar i denne sagaen som må sjåast på som heltar. Eit døme er Gudrun. Dei positive eigenskapane hennar er først og fremst at ho er vakker, klok og snill:

Hun var den vakreste kvinnen som har vokst opp på Island. Og like forstandig som hun var fager. Gudrun var så høvisk at det andre kvinner pyntet seg med virket barnslig ved siden av henne. Hun var skarpsindigere enn andre kvinner og svært veltalende, og gavmild var hun også, (Nyborg, 2014, s. 42).

Gudrun viser kløkt når ho kjem seg ut av ekteskapet med ein mann ho ikkje elskar. Ho overlistar mannen sin og viser innsikt i lovverket. Resultatet er at ho kjem ut av ekteskapet rikare enn ho gjekk inn i det (Fagermoen, 2020). Her blir ho i noka grad framstilt som ein helt, fordi ho er så kløktig.

Ein annan skikkelse frå same saga, som ikkje er like mild og snill, er Turid. Då mannen er i ferd med å stikke av frå henne, ordnar ho opp på eiga hand for ikkje å bli vanæra: Medan han søv, stikk ho av med sverdet og set igjen dei felles barna deira. Slik viser ho handlekraft og mot – og ikkje minst – rettar opp igjen eiga ære.

Heltane i litteraturen 1500–1800

Når det gjeld heltar i litteraturen på 1500- og 1600-talet, så er det naturleg å sjå ut over Noregs grenser. Årsaka er at Noreg på denne tida ligg under Danmark, og vi produserer rett og slett lite litteratur i perioden.

Renessansehelten

Renessanse betyr "atterføding". Og det som blei atterfødd i perioden, var dei antikke ideala. Mange kunstnarar blei til dømes inspirete av Homers Iliaden og Odysseen og skreiv lengre helteepos.

Men vi skal sjå på helten i det som må vere dei to mest kjende tekstane frå slutten av renessansen: Don Quijote (1605) og Hamlet (1601).

Ein riddar, Don Quijote, og ein kvit, tynn hest ligg på ryggen. Hjelparen og eselet hans ser på. I bakgrunnen er det vindmøller. Gammal illustrasjon.

Don Quijote

Don Quijote blei skriven av spanjolen Miguel de Cervantes. Verket blir rekna som den første romanen nokosinne. "Helten" er hovudpersonen sjølv, altså Don Quijote. Vi set ordet "helt" i hermeteikn her fordi hovudpersonen langt i frå er ein klassisk helt. Årsaka er at Cervantes roman er ein over den heltedyrkinga som fann stad i samtida hans: Han gjer narr av riddarromanane og helteideala frå desse. Don Quijote har forlese seg på riddaromanar og bestemmer seg for å ta på seg rustning, setje seg på hesten og dra ut for å leve som riddar. Men hesten er gammal og tynn, og hjelparen hans, Sancho Panza er ein jordnær, litt tjukk fyr som rir på eit esel.

Don Quijote er altså ingen klassisk heilt. I staden er skildringane av han ei latterleggjering av dei klassiske helteideala.

"Å kjempe mot vindmøller"

Har du høyrt uttrykt "Å kjempe mot vindmøller"? Det betyr at du kjempar mot ein motstandar som ikkje eigentleg er til stades, og at du er litt fjern og urealistisk.

Uttrykket stammar frå romanen Don Quijote. I ein kjend scene frå romanen byrjar hovudpersonen å slåst mot vindmøller. Riddardraumane hans er gått til hovudet på han, og han har blitt smågalen. Han trur nemleg at vindmøllene er kjemper som han må sigre over.

Hamlet

Skodespelar står på scenen og ser ned på ein hovudskalle han held i hendene. Foto.

I motsetning til Don Quijote er ikkje Shakespeares Hamlet ein latterleg skikkelse, og skodespelet Hamlet er ingen satire. Men det Don Quijote og Hamlet har felles, er at dei er komplekse karakterar med "indre demonar" dei må kjempe mot. Don Quijotes demon er hans eigen galskap. Hamlet, som er prins av Danmark, har eit dilemma som gjennomsyrar livet hans: Skal han drepe onkelen sin, kongen – som tok livet av far til Hamlet – i jakta på trona? Hamlet viser ikkje den handlekrafta ein typisk sagahelt frå vikingtida ville vist. I staden tviler han, stiller seg sjølv eksistensielle spørsmål om meininga med livet og er frustrert over eigen mangel på handlekraft.

Sagahelten og renessansehelten – ei samanlikning

Om vi samanliknar helteskikkelsane frå dei islandske sagaene og dei to mest kjende verka frå renessansen, kan vi trygt seie at helteskikkelsen er ulik: Der den norrøne helten skulle vere æretørst og vise handlekraft, blir renessansehelten både latterleggjort og stiller spørsmål som "Er livet verd å leve?".

Men ein likskap mellom heltane frå sagaene og renessansen er at dei ikkje er eindimensjonale. Dei er ikkje perfekte på noko vis. I staden har dei gjerne ein karakterbrist som gir dei motstand og vanskar på vegen.

Helten i litteraturen på 1600- og 1700-talet

Både Don Quijote og Hamlet blei gitt ut tidleg på 1600-talet, men vi seier at desse tekstane blei skrivne seint i perioden kalla renessansen. 1600- og 1700-talet blei elles prega av to retningar i kunst- og litteraturhistoria: barokken og opplysingstida.

Barokken

I barokken dominerte salmelitteraturen. Det er vanskeleg å finne ein typisk helt i desse tekstane. No kan vi vende blikket mot norsk litteratur igjen, for etter ein nesten ikkje-eksisterande litteraturproduksjon etter svartedauden sine herjingar, byrjar nordmenn å skrive tekstar som har sett fotavtrykk.

Våre to mest kjende forfattarar frå perioden heiter Petter Dass og Dorothe Engelbretsdatter. Desse skriv stort sett salmar, og i salmane finn vi få heltar, i klassisk forstand. Det blir rettare å seie at tekstane handla om ideal, enn om ein helt. Og idealet i tekstane var å leve fromt, gudfryktig og hugse på at du skulle dømast av ein Gud til eit liv i anten himmel eller helvete når dommedag kom.

Opplysingstida

Heltane i opplysingstida må på mange måtar seiast å vere forfattarane sjølv. Filosofar og vitskapsmenn gav ut tekstar som sette spørsmål ved om Gud eksisterte, ved om det verkeleg var rett at land skulle styrast av berre éin person, og ved om dei konservative verdiane i samfunnet var riktige.

Slik kan vi seie at filosofen Montesquieu var ein helt fordi han skreiv om maktfordelingsprinsippet for å hindre konsentrasjon av makt, at Voltaire var ein helt fordi han angreip makta til kyrkja, og at John Locks skrifter om rettane til enkeltdindividet er heltemodige.

Ludvig Holberg

Bilete som viser Jeppe liggjande i baronen si seng. Han ser heilt forfjamsa ut.

Men kva med heltar i den nordiske litteraturen på denne tida? Vår aller mest kjende forfattar er nok Ludvig Holberg. Holberg var inspirert av opplysingstida og ønskte å opplyse og preike til folket. Reiskapen hans var litteraturen, og spørsmålet blir då: Kva heltar finn vi hos Holberg?

Hovudpersonane i Holbergs tekstar kan neppe kallast klassiske heltar. Felles for dei fleste av dei er nemleg at dei har ein "feil". Det vil seie dei har ein brest i karakteren som heile dramaet dreier seg rundt. Jeppe i Jeppe på Bjerget (1722) drikk for mykje, medan Erasmus Montanus i stykket med same namn (1731) er sjølvhøytideleg og skrekkeleg belærande. Men den største karakterbresten hans er at han ikkje er jordnær. Faktisk framstiller Holberg den uvitande broren hans, Jacob, som meir av ein helt enn lærde Erasmus. Årsaka er at Jacob er praktisk, har beina planta på jorda og slik viser seg klokare enn bror sin.

To skodespelarar som kranglar på scenen. Foto.

Er Holbergs heltar antiheltar?

Kanskje kan vi heller seie at Holbergs hovudpersonar i desse to stykka er antiheltar? Det vil seie at dei har eigenskapar som er det motsette av den klassiske helten. Ved å framstille personane som antiheltar på denne måten, ønskjer Holberg å oppdra publikummet sitt. Heltane er latterlege, publikum ler av dei, ja kanskje kjenner dei nokon som liknar, og slik viser Holberg publikum kva som ikkje er gode ideal. Slik kan vi samanlikne han med Cervantes fra renessansen: Han bruker litteraturen til å gjere narr av hovudpersonen sin for å vise fram det han meiner er dei eigentlege ideala.

Heltar i litteraturen 1800–1850

Ideala til opplysingstida fekk seg ein knekk mot slutten av den franske revolusjonen. I 1789 starta revolusjonen i landet som var opplysningsideane si vogge – Frankrike. Målet var å bli kvitt kongen og eineveldet og erstatte styresettet med den opplyste republikken. Republikken skulle bli styrt etter dei prinsippa opplysningsheltane hadde skrive om på 1600- og 1700-talet. I staden "åt revolusjonen sine eigne barn", eit uttrykk som viser til at dei revolusjonære etter kvart drap sine eigne.

Dette var ei av årsakene til at kunstnarane vende seg bort frå det fornuftige og vitskaplege og heller dyrka naturen, kjensler og instinkt på starten av 1800-talet. Denne perioden kallar vi romantikken.

Heltar i romantikken

Medan idealet i opplysingstida var den kloke og beleste forfattaren som utdanna lesarane sine, skulle den romantiske forfattaren vere ein nesten overjordisk kanal mellom Gud og "vanlege" folk. Tekstane var fulle av kjensler, naturmetaforar og lengsle.

Heltane i perioden var ofte einstøingar og individualistar. Dei søkte seg bort frå sivilisasjonen eller utfordra konvensjonane.

Jane Eyre

Kvinne på scenen, ikledd svart, lang kjole. Ho foldar hendene. Teikning.

Romantikken var stor i England, og ein av dei mest berømte helteskikkelsane frå perioden heiter Jane Eyre. Romanen med same namn er skrive av Charlotte Brontë. Det er ikkje til å stikke under ein stol at eit typisk trekk ved kvinnelege heltar er den vakre utsjånaden deira. Men fleire stader i romanen om Jane Eyre blir det fortalt at ho nettopp ikkje er dette. Det som gjer henne til ein helt, er at ho stadig møter motgang som ho overvinn. Ho har ein forferdeleg oppvekst, og når ho veks til, blir ho oversedd. Men Jane er klok og endar opp som rik og sjølvstendig. Det er mykje romantikk og giftarmål i boka, men historia handlar først og fremst om kva eigenskapar som får Jane opp og fram i verda. Dette er absolutt ein feministisk heltinne.

Nasjonalromantikken

Etter at Noreg lausreiv seg frå Danmark i 1814, starta ei nasjonalromantisk bølgje. Men det var ingen stor litterær produksjon i Noreg like etter lausrivinga. Først mot slutten av perioden, i 1840-åra, startar den store nasjonale "skrivedugnaden". Og i denne litteraturen gjeld det å delta i nasjonsbyggingsprosjektet. Det handlar om å finne tilbake til Noregs storleik, og helten blir gjerne den typiske norske bonden, eller viking- og mellomalderkongane som herja før Noreg så skammeleg mista sjølvstendet sitt.

Luren av Mauritz Hansen

Eit døme på det som må kunne kallast ein slags heilt i den nasjonalromantiske litteraturen, er Thord i Mauritz Hansen si novelle "Luren" (1819). Han er ein stolt norsk bonde som fortel at han stammar direkte frå vikingkongen Harald Hårfagre. Thord og familien hans blir beskriven som ein norsk idealfamilie – vakre, blonde, høgreiste og veldig norske der dei går rundt i Gudbrandsdalen.

Samtidig må òg forteljaren i novella kunne kallast ein helt. For det er han som lærer Thord gode verdiar i løpet av novella. Då Thords dotter, Ragnhild, viser seg å ha blitt gravid utanfor ekteskap, overtaler forteljaren Thord til å tilgi henne – ei kristen og god handling som viser at den norske helten både må sjå tilbake til storleikstida, men også anerkjenne moderne, kristne verdiar.

Heltar i moderne tekstar

"Kor e alle heltar hen" song Jan Eggum i den kjende låten sin frå 1993. "Herre, kom tilbake / Men Zorro, Marx og Jesus dro / Drømmen gikk i do", går songen uhøgtideleg vidare. Det kan vere naturleg å spørje: Korleis står det til med helterolla i tekstar frå 2000-talet. Finst helten? Og i så fall – kva karakteriserer ein 2000-talshelt?

Framside på teikneserieroman som viser superhelten Zorro med kårde og pistol. Ei vakker kvinne i forgrunnen. Illustrasjon.

(Anti)heltar i skjønnlitteratur

Når det gjeld litteraturen, må vi kanskje seie at det er antiheltane som rår. Viss vi ser på den norske litteraturen som får gode meldingar, kan det verke som om heltedyrking er heilt uinteressant. Anerkjende forfattarar som Karl Ove Knausgård, Vigdis Hjort og Per Petterson skriv ikkje om heltar. Dei skriv om menneske med problem. Fokuset er på hinderet, motgangen, det som plagar hovudpersonen. Karl Ove i Min kamp-serien plagast av skam og ein avdød, autoritær far, Bergljot i Arv og Miljø av Vigdis Hjort slit med barndommen der ho blei misbrukt av sin eigen far, og alle Per Petterson sine karakterar verkar å vere einsame og føler seg tomme og deprimerte.

Men heltane finst i populærkulturen!

Om heltane ikkje eksisterer i kritikarroste romanar, så finn vi dei i visse sjangrar: barne- og ungdomsromanar, fantasy, krim og science fiction. Vi treng ikkje skilje mellom norske og utanlandske tekstar når vi ser på heltar i populærkulturen i dag, for i vår globaliserte tidsalder les og ser vi på helteskikkelsar frå heile verda.

Helten i barne- og ungdomslitteraturen

Daniel Radcliffe som Harry Potter. Foto

Den karakteren som nok har blitt mest dyrka av barn og unge i Vesten, er Harry Potter. Serien om den unge trollmannen er skriven av engelske J. K. Rowling. Kva kjenneteiknar han?

  • Han har blitt motarbeidd og har opplevd ein vanskeleg oppvekst.
  • Han har magiske krefter.
  • Han er modig, men tør samtidig vise kjensler som redsle og sorg.
  • Han har gode vener som allierte.

Krimhelten i romanar

Krimhelten er både helt og antihelt. Viss vi ser på den norske forfattaren som sel mest, Jo Nesbø, så er hans "helt", etterforskaren Harry Hole, absolutt ikkje ein mann som kan pryde plakatar på tenåringsrom. Nei, han røykjer, drikk altfor mykje og er ikkje ein kar som ser lyst på livet. Men han er klok og modig.

Slik er dei fleste heltar i dagens krimsjanger: Dei løyser krimgåta, men dei har gjerne problem på heimebane. Svært ofte har dei, som heltar frå tidlegare tider, karakterbrister som skaper hindringar for dei.

Krimhelten i TV-seriar

Bilete frå TV-serien Broen med Sofia Helin og Kim Bodnia i hovudrollene Foto.

To nordiske krimseriar som har blitt svært populære dei siste åra er Broen og Forbrydelsen. Ein av dei aller mest sette amerikanske krimseriane gjennom tidene er Homeland. Kva kjenneteiknar heltane i desse tre seriane?

Jo, alle tre har kvinner i hovudrolla. Desse kvinnene er både modige og handlekraftige, men samtidig har dei ein "feil". Denne "feilen" er noko som kan vere til hinder for dei i privatlivet eller i jobben. Carrie Mathison er bipolar. Sjukdommen kan gjere henne både genial og "galen". Tek ho ikkje medisinane sine, går det over styr. Politietterforskaren Saga Norén frå Broen har ingen uttalt diagnose i serien, men det har blitt foreslått at ho har ei mild form for autisme. Dette fører til at ho stadig blir oppfatta som kjenslelaus med kommentarar som ikkje viser empati. Men samtidig er ho ein genial etterforskar. Sarah Lund i Forbrydelsen er inneslutta og kjem aldri til å vinne prisen som "mor av året". Men dei eigenskapane som gjer henne til ein helt, er først og fremst at ho er modig, klok og målretta.

Tenk over: Kva TV-seriar eller filmar såg du sist som hadde ein helt som hovudkarakter? Kva vil du seie at kjenneteikna denne helten?

Oppsummering: Heltar før og no

Denne gjennomgangen har vist oss at heltar ikkje er perfekte i moderne tekstar. Men han har òg vist oss at det same gjeld for dei eldre tekstane. Rett nok fanst, og finst, det heltar som blir framstilte utan feil både no og då. Men det ser ut til at dei som overlever tid og alder, har éin ting felles: Dei har feil og manglar.

For kor interessant er det eigentleg å lese om eller sjå på perfeksjon? Vi ønskjer ikkje plettfrie heltar. Kanskje er det det som utgjer ein helt? Motsetningsfylte karakterar som har store feil, men er best når det gjeld.

Ei punktvis oppsummering:

  • Dei heltane som har overlevd lengst, er komplekse.
  • Dei heltane som har overlevd lengst, har sine indre demonar.
  • Vi kjenner oss igjen i heltane: Dei har problem å stri med, til og med ganske kvardagslege.
  • Men dei fleste heltar er handlekraftige og viser mot.
  • Dei fleste heltar er vakre (med unntak).

Kjelder

Bliksrud, H. (2008). Mannen som mor. Kjønnsoverskridelse som motiv i Flóamanna saga.(Mastergrad). Universitetet i Oslo.

Fagermoen, V. (2020). Kvinner og konfliktløsing i Sagaen om Laksdølene. Henta frå https://www.fortid.no/artikler/2020/1-2020-identitet/fagermoen-kvinner-og-konfliktlosing-i-sagaen-om-laksdolene.html

Nyborg, B. (2014). Sagaen om laksedølene. Reykjavik: Saga forlag.

Rottem, Øystein; Skei, Hans H.; Hagen, Erik Bjerck; Nordbø, Børge: Norges litteraturhistorie i Store norske leksikon på snl.no. Henta 13. november 2020 frå https://snl.no/norges_litteraturhistorie

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland, Oddvar Engan, Ragna Tørdal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2020

Læringsressursar

Heltar