Hopp til innhald

Fagstoff

Heltedikt og gudedikt

Kvar tid har sine heltar. Det kan vere ein krigar, ein polarforskar eller ein sportsutøver. Heltedikta i antikken og i norrøn tid tek utgangspunkt i segner og mytar om den heroiske fortida til eit folk eller ein stamme.
Mann som ber ein gamma mann over skuldra og vert følgd av ei kvinne og ein gut. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eit heltedikt?

Alle stammar og nasjonar har segner og mytar som stadfestar kven dei er og kor dei kjem frå, og som formidlar tenkjemåtar og verdiar som er viktige for dei. Dikt som byggjer på slike segner og mytar frå ei heroisk fortid, kallar vi heltedikt.

Heltedikt i antikken

Krukke dekorert med bilete av Odyssevs og Diomedes som ster palladiet frå Troja. Fotografi.

Vi reknar dei to eposa til den greske diktaren Homer for den eldste heltediktinga i Europa. I «Iliaden» skildrar Homer kampen om Troja, mens «Odysseen» handlar om Odyssevs’ farefulle heimreise frå Troja.

Romarane har nasjonaleposet sitt i «Æneiden», skrive av diktaren Vergil. Eposet handlar om helten Æneas, som flyktar frå Troja og seinare vert stamfar til romarane.

Odysseen er forteljinga om Oddyssevs si lange og farefulle reise heim frå krigen mot Troja. Odyssevs var konge over det greske øyriket Ithaka. I gresk mytologi vert Oddysevs omtalt som listig og rådsnar, mens han i romersk mytologi vert omtalt som falsk og grusom.

Europeiske heltedikt 900–1200

Frå og med 900-talet vert mange europeiske heltedikt skrivne ned. Samstundes vert dei utvida til omfattande helteepos etter mønster av dei antikke førebileta sine, med breie skildringar og talrike parallellhandlingar.

Kjende europeiske heltedikt:

  • det gammalengelske diktet «Beowulf», truleg skrive ned i perioden 700–1000
  • det franske heltediktet «Rolandskvadet» frå 1000-talet
  • det spanske heltediktet om El Cid, som vart skapt rundt 1140
  • det tyske «Nibelungen-eposet» frå tidleg på 1200-talet

Den eldre Edda

Den eldre Edda er ei samling helte- og gudedikt (om lag 30) som vart funne på Island i 1643. Ingen av eddadikta er signerte av namngitte forfattarar. Forskarane trur at mange eddadikt kan vere skapt i Noreg, men dei er skrivne ned på Island. Det er vanleg å dele eddadikta i to grupper: gudedikt og heltedikt.

Heltedikt i Den eldre Edda

Heltedikta i Den eldre Edda byggjer på segner som har røter heilt tilbake i folkevandringstida. Dikta levde på folkemunne i mange hundre år før dei vart skrivne ned. Fleire av heltegjerningane har overmenneskelege dimensjonar. Heltane kjempar både mot ytre farer og mot det indre samvitet sitt.

Fleire av heltedikta i Den eldre Edda fortel om Sigurd Fåvnesbane. Desse segnene går igjen i heile det germanske språkområdet, blant anna i det tyske heltediktet «Nibelungenlied».

Heltekvad

0:00
-0:00

Gudedikt i Den eldre Edda

Guden Tor utkledd som brud. Illsutrasjon.

Innhaldet i gudedikta i Den eldre Edda er først og fremst henta frå den norrøne mytologien.

  • «Voluspå» er eit gudedikt om skapinga av jorda, kva som fører til jordas undergang, og om sjølve undergangen, det såkalla ragnarok. Det er ei spåkvinne (volve) som snakkar til oss gjennom diktet.
  • «Trymskvida» er eit gudedikt som handlar om jotnen Trym som stel hammaren til Tor. Tor må ha hjelp av den listige Loke for å få tilbake hammaren. Hammaren er både eit forsvarsvåpen og eit fruktbarheitssymbol for æsene, derfor er det svært viktig for Tor å få han tilbake. Men sjølv om gudane altså må løyse eit alvorleg problem, er handlinga skildra med mykje humor.
  • «Håvamål» tyder ‘den høges tale’, det vil seie at det er Odin som taler. «Håvamål» er på mange måtar eit læredikt, og det er Odin som gir råd og livsvisdom til menneska i eit samfunn fylt av fiendskap og farer. Dikta formidlar ein heidensk nyttemoral. Det gjeld ikkje berre å vere ein lojal og god ven, en skal også vere listig og lur. Det er viktig å stole på eiga dømmekraft i eit samfunn med mange farer. Å stole på andre er det berre toskar som gjer. Det er 80 strofer i «Håvamål». Kvar strofe har seks linjer som er bundne saman med bokstavrim (allitterasjon).

Relatert innhald

«Rolandskvadet» vart skrive ned rundt år 1100 og handlar om Karl den store og dei tolv kjempene hans, mellom dei Roland og Holger danske.

CC BY-SASkrive av Oddvar Engan, Ragna Marie Tørdal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2018

Læringsressursar

Heltar