Lastsikringsbrosjyre
I lastsikringsbrosjyren finn du tabellar over friksjon og ulike surremetodar som overfalls-, grime-, loop- og direktesurring. Ved å bruke tabellane kan du rekne ut talet på surringar du må bruke for å sikre lasta di. Heftet er eit samandrag av relevante reglar og metodar etter EU-standarden.
Tanken er at denne miniguiden skal vere eit hjelpemiddel som gir ei kjapp oversikt over dei aktuelle talverdiane og reglane du treng å ta omsyn til ved lastsikring. Last han gjerne ned til pc-en og mobilen din, så har du han lett tilgjengeleg når du treng han.
Filer
No har du hatt ein gjennomgang av lastsikringsbrosjyren og kan teste kva du har fått med deg. Sørg for å ha brosjyren tilgjengeleg før du byrjar på oppgåvene.
Trykk på illustrasjonen/biletet i spørsmålet viss du ønsker eit større bilete.
Du kan eksportere svara til datamaskina di, og svaret kan då nyttast som vurdering for lærar og/eller for å gå tilbake og repetere spørsmål og svar for deg sjølv.
Standard Norge. (2011). Lastsikring på kjøretøy – Sikkerhet – Del 1: Beregning av surringskrefter (NS-EN 12195-1:2010).