Lasting og lossing ved bruk av skråplan
Vi bruker skråplan i mange situasjonar når vi lastar og lossar gods. Døme på det er ombordkjøring på og ilandkøyring frå ferjer. Andre døme er når vi senkar ein lastelem på ein distribusjonsbil til bakkenivå for deretter å skråstille lastelemmen slik at ei jekketralle med gods kan skli av lastelemmen eller bli dregen opp på denne.
Når vi bruker skråplan, skråstiller vi både last, lastberar og laste- og løfteutstyret. Tyngdekrafta verkar alltid loddrett gjennom tyngdepunktet.
Når lasten står plant, trekkjer tyngdekrafta lasten loddrett ned mot golvet med krafta (1) som vist på figuren over. Om vi skråstiller lasten på eit skråplan, trekkjer tyngdekrafta lasten loddrett ned med den same krafta (1).
Krafta treffer no underlaget i eit punkt som er forskove i forhold til om lasten stod plant. Når lasten står på eit skråplan, kan vi splitte krafta (1) i éin komponent som verkar vinkelrett på skråplanet (2), og éin som verkar parallelt med skråplanet (3).
Krafta (3) trekkjer lasten langs skråplanet. Dersom krafta (3) blir større enn friksjonskrafta mellom pallen og underlaget, vil pallen starte å skli nedover. Vi må då bruke krefter for å halde igjen pallen. Skal vi skyve pallen opp langs skråplanet, må vi bruke krefter på dette.
Ein europall som ligg på gaflane på ein truck, skal tåle ein last på 1 tonn. Men trucken går på hjul, og friksjonen mellom underlaget og hjula er tilnærma lik null. Vi treng derfor stor bremsekraft ved lossing og stor skyvekraft ved lasting. Di brattare skråplanet er, di større kraft treng vi. Derfor bruker vi motordrivne støttebeinstruckar ved lasting og lossing når vi bruker skråplan.
Di høgare tyngdepunkt ein pall har, di mindre stabil er han ved lasting og lossing. Vi stabiliserer pallen ved hjelp av strekk- eller krympefilm slik at
- kollia held seg på pallen og
- kollia held seg samla
For at kollia skal halde seg på pallen, begynner vi å ha på filmen med ein festerunde rundt ein av hjørneklossane på pallen. Deretter surrar vi ein runde med film rundt heile pallen. Så held vi fram med å surre skrått oppover, men heile tida med god overlapping på førre runden til heile pallen er ferdig surra.