Sikker lasting og lossing mellom ulike plan - Transport, logistikk og lyfteoperasjoner (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sikker lasting og lossing mellom ulike plan

Her lærer du ulike teknikkar for sikker lasting og lossing mellom ulike plan.

Her lærer du ulike teknikkar for sikker lasting og lossing mellom ulike plan.

Ved lossing og lasting av gods mellom ulike plan treng vi løfteutstyr som truckar eller kraner.

Det finst mange ulike typar av løfteutstyr og kraner. Kvar type krev særskild opplæring. Her føreset vi at du har førarbevis for den trucktypen du bruker, og vi fokuserer difor på korleis du skal sikre og handterer sjølve lasten.

Når gods skal løftast mellom to plan, må godset utgjere ei stabil eining. Vi lagar stabile einingslastar ved å plassere stykkgods på lastberarar. Den vanlegaste lastberaren er europallen. Når vi har plassert godset på lastberaren, stabiliserer vi han ved hjelp av strekk- eller krympefilm.

Vi plasserer gaflane horisontalt og manøvrerer dei i posisjon under lastberaren. Deretter tiltar vi gaflane bakover mot skyvemasta på trucken før vi hevar eller senkar gaflane med godset til riktig nivå. Der tiltar vi gaflane framover til horisontal posisjon og plasserer lasten på underlaget.

Ved høge løft kan det også vere behov for å stabilisere lasten ytterlegare ved å bruke ekstra støttebein på trucken.

Skrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 28.12.2018