Fagartikkel
Lasting i tråd med transportmerking
Her lærer du korleis vi bruker internasjonale transportmerkingssymbol for å informere om korrekt handtering av gods.
Sikker lasting og lossing skal hindre at gods blir skadd under transport og ved lossing og lasting. I tillegg til at vi bruker ulike lastberarar (pallar og konteinarar), bruker vi også andre hjelpemiddel.
Transportmerking av godset skal bidra til at dei blir handterte korrekt. Her er det særleg viktig at du kjenner desse symbola og handterer godset i samsvar med dei:
Ved tunge løft er ofte lastberaren forsterka i løftepunkta. Følg derfor rettleiinga slik at du unngår å skade godset.