Hopp til innhald
Fagartikkel

Vedlikehald av laste- og losseutstyr

Skal laste- og lossesituasjonen vere sikker, må vi drive godt førebyggande vedlikehald og ikkje overbelaste utstyret.

Laste- og losseutstyr

Laste- og losseutstyr krev godt førebyggande vedlikehald for å vere sikkert i bruk. Hydraulisk og pneumatisk utstyr må ha tette pakningar. Mekanisk utstyr som kjeder, vaierar, akslingar, tau og stroppar kan bli utsett for trøyttleiksbrot over tid eller direkte brot ved overbelasting. Elektrisk utstyr må ladast med jamne mellomrom.

Kontroll og god oppbevaring av utstyret

Sjekk av lastestroppar er særleg viktig som ein del av vedlikehaldet. Rifter eller skadar som oppstår i samband med oppdrag og bruk, fører til at stroppen skal kasserast (bli kasta). Det er særleg viktig å sikre at stroppar ikkje blir utsette for unødig slitasje, og at dei blir godt tekne vare på. Oljesøl eller aggressive væsker som kjem på lastestroppen, kan vere direkte farleg, og stroppen kan ikkje brukast lenger.

Vi må sjekke alle kjettingar jamleg. Vi ser særleg etter sprekkar eller trøyttleiksbrot på krokar. Det er òg viktig for kjettingar at vi heng opp utstyret mellom kvar bruk. Dermed blir rustdanninga redusert, og det same blir faren for at tunge gjenstandar kan øydelegge kjetting og krokar som ligg på området.

Relatert innhald

Fagstoff
Tekniske hjelpemiddel

Vi skal no sjå litt på kvifor vi bruker tekniske hjelpemiddel, og kva du må ha opplæring i for å bruke dei.