Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Analyse av bedriftskultur

Tiltak for å utvikle bedriftskultur

CC BY-SA 4.0

Les artikkelen nedanfor mens du reflekterer over kva for tiltak som kan setjast inn for å betre kulturen i bedrifta der du har praksis.

Fagartikkel

Tiltak for å utvikle bedriftskultur

Bedrifter kan arbeide med bedriftskultur på ulike måtar. Ein systematisk metode er at fellesskapen går gjennom ein prosess som endar opp i ein tiltaksplan. Tiltaka må vere konkrete og eigna til å fjerne eller redusere dei uheldige sidene ved bedriftskulturen, og få dei gode sidene betre fram.

Utvikling og tiltak

Det er mange vegar å gå når det gjeld å få til endringar. Ein god måte å gjere det på, er å jobbe systematisk etter ein tiltaksplan. Utviklinga blir då ein prosess som fellesskapen kan vere saman om, der alle veit kva måla er.

Tiltaksplanen bygger ein på resultata av analysen. Kva sider ved kulturen er positive? Dei må vi styrke! Kva kom fram som vi synest er uheldig? Det må vi forandre på! Korleis skal vi gjere det? Det er her tiltaka kjem inn.

Tiltak kan vere

  • ein personalpolitikk som går ut på å rekruttere unge medarbeidarar og legge til rette for ein langsiktig karriere med moglegheit til å forme tenkinga og haldninga til medarbeidarane
  • regelmessige undersøkingar om medarbeidarane sin trivsel og mogelegheitene deira til å påverke arbeidssituasjonen sin
  • rettleiing av tilsette og tilsyn med konkrete arbeidsoppgåver
  • interne kurs om verdiane av bedrifta, normer, historie og tradisjon – med både praktisk og ideologisk innhald
  • ritual som markerer suksess og styrker kjensla til dei tilsette av deltaking og tilhøyrsel
  • kontinuerleg skriftleg og munnleg søkelys på verdiane, formålet og historia til bedrifta, og på at dei tilsette er ein del av noko meir og viktigare enn berre å tene eller spare pengar

Ein lang prosess

Å forandre bedriftskulturen er ein prosess som kan ta lang tid, og det må skje noko på mange plan. Det er derfor viktig at leiinga viser endringsvilje og sørger for å følge opp tiltaka. I sin tur vil dei tilsette òg hjelpe til med forandringane.

Eit døme på eit tiltak som òg er ein lang prosess i seg sjølv, er Norsk Hydros "Graduate Program", som er eit program Hydro tilbyr nyutdanna, og som det er mange søkarar på til kvar utlysing. På nettsida si beskriv dei det slik:

Programmet er det perfekte springbrettet for en karriere i Hydro og en inngangsport til aluminium og energi, uansett om du er interessert i en karriere innen teknologi, økonomi eller ledelse.

Norsk Hydro har altså lagt til rette for at unge tilsette kan skape seg ein langsiktig karriere i selskapet – og lærer dei opp sjølv. Ta ein titt på Norsk Hydros nettside og få eit inntrykk av kulturen til bedrifta.

CC BY-SA 4.0Skrive av Carina Hertze Bratli.
Sist fagleg oppdatert 01.08.2021