Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Analyse av bedriftskultur

Analyser klassemiljøet

CC BY-SA 4.0

For å kunne skape ein betre bedriftskultur må vi først analysere nosituasjonen. Kva er bra, kva er dårleg, og korleis ønskjer vi å ha det?

For dykk som elevar motsvarer klassemiljøet bedriftskulturen på skulen.

Med utgangspunkt i SØT-modellen, som de kan lese om i artikkelen nedanfor, skal de analysere klassemiljøet og bli einige om ein tiltaksplan for å betre miljøet.

De må først finne ut av korleis situasjonen er no. Deretter definerer de kva slags situasjon de ønskjer, og så forpliktar de dykk til å treffe tiltak som kan hjelpe dykk til å oppnå den ønskte situasjonen.

Målet med oppgåva er at de skal bli kjende med kvarandre og korleis de har det i klassa, og finne ut korleis de ønskjer å ha det.

Del ut gule post-it-lapper til alle i klassa, til dømes seks til kvar. Del ein vegg eller ei tavle opp i tre delar. Frå venstre skal de setje opp desse overskriftene:

  • Slik er det å vere meg i denne klassa (slik er det no = S)
  • Dette ønskjer eg meg framover (ønskjer = Ø)
  • Dette er eeg villig til å forplikte meg til framover (tiltak = T)

Alle skal tenkje gjennom desse tre punkta og skrive ned tankane og meiningane sine på post-it-lappane. Alt de skriv, skal vere anonymt. Etter 5–10 minutt limer de opp post-it-lappane på veggen under riktig overskrift.

Når alle lappane er på plass, les de gjennom det som står på veggen. Her kan læraren starte ein diskusjon i klassa, eller de kan eventuelt dele klassa opp i mindre diskusjonsgrupper.

Til slutt kan de setje opp ei liste over tiltak de vil forplikte dykk til for å oppnå eit betre klassemiljø.

Etter ein månad kan de lage ei spørjeundersøking for å avdekkje om klassemiljøet faktisk har endra seg til det betre.

Fagartikkel

Analyse av bedriftskulturen

Bedriftskulturen kan vere eit verktøy for vekst, men han kan òg hindre utvikling i bedrifta. Leiinga må granske bedriftskulturen regelmessig for å finne ut korleis han verkeleg er, slik at nødvendige tiltak kan setjast inn i tide.

Analyse av bedriftskulturen

Det er mange ulike måtar å analysere ein bedriftskultur på. Ein av metodane liknar på situasjonsanalysen, der vi tek utgangspunkt i at bedriftskulturen er ein viktig del av dei interne arbeidsvilkåra, altså noko som bedrifta sjølv kan kontrollere.

Spørsmål og observasjonar

Desse spørsmåla kan vere sentrale i analysen:

  • Kva verdiar ønskjer vi at bedrifta skal ha?
  • Eksisterer desse verdiane i bedrifta per i dag?

For å finne ut av dette kan det til dømes vere naturleg at bedrifta gjennomfører ei spørjeundersøking på arbeidsplassen. Slik kan ein finne ut korleis dei tilsette sjølv oppfattar bedriftskulturen. Leiinga kan òg velje å leige inn ein konsulent som får i oppdrag å observere bedrifta og kome med forslag til endringar og tiltak.

Coachingsmodellen SØT

Det handlar eigentleg om å finne ut kva som er situasjonen i dag, kva retning ein ønskjer at bedrifta skal gå i, og korleis ein skal kome seg dit. I mange coachingmiljø blir denne prosessen kalla SØT:

  • S – situasjonen no
  • Ø – ønskt tilstand
  • T – tiltak for å kome dit
CC BY-SA 4.0Skrive av Carina Hertze Bratli.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2018