Hopp til innhald

Fagstoff

Fagomgrep i faget marknadsføring og leiing 1

Her har vi samla fagomgrep som er nytta i faget marknadsføring og leiing 1.
Elevar i klasserom som snakkar saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

A

adhoc-alliansar
Det latinske omgrepet ad hoc betyr "til dette formålet", og vi nyttar det om noko vi gjer éin gong eller i eit spesielt tilfelle.
AIDAS-modellen
modell som summerer opp kva som skal til for å lykkast i marknadskommunikasjon for å skape behov, fange merksemda til forbrukarane og få dei til å kjøpe ei vare eller ei teneste
algoritme
oppskrift som viser korleis ei oppgåve blir løyst, som eit program som fortel datamaskina steg for steg kva ho skal gjere. Algoritmen til Facebook er programmet eller prosedyren som bestemmer kva innlegg som skal visast til kven.
arbeidsvilkår
dei vilkåra ei verksemd arbeider under, til dømes økonomi, og som kan påverke marknadsføringa for verksemda
åtferdssegmentering
segmentering etter åtferd, knytt til til dømes kjøpshyppigheit, kjøpsmengd, lojalitet og høve

B

bedriftsmarknaden
marknad der bedriftene kjøper varer og tenester seg imellom, til bruk i eigen produksjon
behovspyramiden
Maslows behovspyramide viser menneskelege behov som steg i eit hierarki. Vi kan bruke behovspyramiden som grunnlag for å forstå kva ulike behov kan bety i samband med kjøp og sal.
betalte søk
betalt søketrafikk som blir generert i søkemotorar. Ved å bruke programvare som Google Analytics kan du sjå kor mykje trafikk som betalte søk genererer.
bidragskalkyle
kalkyle til å berekne fortenesta, og bidraget, det enkelte produktet vil gi til å dekke dei faste kostnadene
berekraftig utvikling
utvikling som utfyller dagens behov utan å øydelegge moglegheitene for at kommande generasjonar skal få dekt behova sine
berekraftspåstand
bruk av utsegn, opplysningar, symbol, bilete, merkeordningar eller liknande i marknadsføringa, som gir inntrykk av at eit produkt har etiske eller miljømessige eigenskapar eller at ei verksemd tek særlege etiske eller miljømessige omsyn

C

CE-merking
At eit produkt er CE-merket, betyr at det tilfredsstiller sikkerheitskrav som er stilte gjennom EU-direktiv.

D

dekningsbidrag
Kor stor del av salsinntektene som er igjen til å dekke dei faste kostnadene og ei eventuell forteneste, kallar vi dekningsbidrag.
demografi
beskriving av ei befolkning
demografisk segmentering
inndeling etter til dømes kjønn, alder, inntekt, yrke, familiestatus eller utdanning. Demografiske segmenteringskriterium blir ofte nytta for å segmentere ein marknad.
det forventa produktet
tilleggsverdiane som ein forventar følger med på kjøpet av eit produkt
det konkrete produktet
det faktiske produktet du kjøper for å dekke eit behov
det potensielle produktet
moglege tilleggsytingar, endringar og utvidingar som produktet kan utvikle vidare i framtida, for å gi det ytterlegare verdi
det utvida produktet
tilleggsytingar som kan følge med kjøpet ut over det kjøparane forventar
detaljist
butikken som sel produkt direkte til forbrukarane
direkte distribusjon
prosessen når eit produkt går direkte frå produsenten til kunden utan noka form for mellomledd. Eit døme er når mat blir laga på eit restaurantkjøkken og blir servert direkte til gjestar i restauranten.
distribusjon
alt som skjer med eit produkt frå det er ferdig produsert til det har nådd fram til sluttbrukaren
distribusjonseigenskapar
evna kommunikasjonskanalen har til å nå målgruppa. Det er viktig å kjenne til dekningsdataa til kanalen, altså talet som får bodskapen. Det er òg viktig å kjenne til strukturdataa til kanalen, det vil seie kven som får bodskapen.
distributør
eit mellomledd som tek inn og sel varer vidare igjen på marknaden sin
djupneintervju
ein kvalitativ undersøkingsmetode der intervjuaren har som mål å få ei djupare forståing av ei problemstilling. Djupneintervju har ofte få informantar, og intervjua varer relativt lenge.
dynamisk prissetjing
prissetjing der det ikkje er ein fast pris på produktet, då det er seljaren og kjøparen som forhandlar og blir einige om prisen. Prisen kan variere frå handel til handel, og prisen er avhengig av kva seljaren og kjøparen blir einige om.

E

eigde kanalar
kommunikasjonskanalar verksemda sjølv eig, slik som nettsida for verksemda, Facebook-side og Instagram-konto
eksklusiv distribusjon
Berre éin eller svært få butikkar kan selje produktet.
ekstern marknadsføring
marknadsføring der verksemder nyttar konkurransemiddel for å posisjonere seg i marknaden
eksterne arbeidsvilkår
det som går føre seg utanfor verksemda, som verksemda ikkje kan kontrollere, men må rette seg etter
etikk
læra om kva som er rett og gale, og korleis vi kan grunngi dei vala vi gjer
etos
appellerer til truverd

F

feltundersøkingar
når vi innhentar nye data og får ny informasjon. Slike undersøkingar blir kalla feltundersøkingar eller primærundersøkingar.
fokusgruppe
djupneintervju med fleire deltakarar, der det ofte er vanleg å ha fire til ti deltakarar
forbrukar
person som kjøper eller leiger produkt til privat forbruk
forbrukaråtferd
tankane og handlingane våre som forbrukarar når vi søker, vurderer, kjøper og bruker produkt
forbrukarmarknaden
marknad med forbrukarar som kjøper eller leiger produkt til privat bruk
Forbrukartilsynet
statleg organ som fører spesielt tilsyn med at marknadsføring og kontraktsvilkår er i samsvar med marknadsføringslova. I tillegg kan dei mekle i tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande. Dei skal òg bidra til ei forbrukarvennleg utvikling, og framme tiltak som kan stillinga til betre forbrukarane.
forretningsidé
Forretningsideen skal formidle kva behov som skal dekkast i marknaden, korleis behovet skal dekkast og kven som er målgruppa. Forretningsideen bør òg få fram korleis det unike eller heilt spesielle ved ideen for verksemda.
fortente kanalar
Kommunikasjonskanalar som er viktig for ei verksemd, er det som andre skriv om verksemda.

G

gjenvinning
å bruke stoff frå avfall og restprodukt på nytt
geografisk segmentering
inndeling av marknaden ut frå geografiske kriterium, som land, regionar, fylke, byar eller nabolag
grossist
ei verksemd som kjøper varer frå produsentar og sel dei vidare til detaljistar

H

haldning
oppfatning eller innstilling ein person har
humankapital
verdien av personalet og kvalifikasjonane til leiinga, evner og kunnskap
hypotese
ein påstand eller antaking om verkelege forhold, som kan testast

I

indirekte distribusjon
distribusjon der det blir brukt mellomledd for å få produkta ut til kundane. Coca-cola er eit døme på eit produkt som har denne typen distribusjon, for dette produktet blir selt på mange ulike utsalsstader som i daglegvarebutikkar, i kioskar, på bensinstasjonar og på matstader.
influensar
ein person som har ein posisjon som gjer at dei påverkar kva andre meiner, liker eller kjøper
influensarmarknadsføring
ei form for marknadsføring der ein annonsør nyttar seg av ein eller fleire influensarar i marknadskommunikasjonen
informasjonskapsel
blir også kalla cookie og er ei lita, mellombels fil som blir lasta ned og blir lagra på eininga til brukaren når brukaren besøker ei nettside
informativ appell
ein strategi for utforming av bodskap i marknadskommunikasjon, der bodskapen konsentrerer seg om fordelane og eigenskapane av produktet
innhaldsmarknadsføring
marknadskommunikasjon som etterliknar forma på redaksjonelt arbeid
innovasjon
å skape og utvikle nye produkt og løysingar
intensiv distribusjon
når produktet er å få tak i nærast overalt
interaktiv marknadsføring
kundekontakt, eller samhandling mellom personale og kundar. I denne samanhengen er service viktig.
intern marknadsføring
marknadsføring retta mot personalet, som dreier seg om at leiinga mellom anna motiverer og lærer opp sine tilsette
interne arbeidsvilkår
interne forhold, altså det som går føre seg og finst i verksemda, og som verksemda sjølv kan kontrollere
intervju
innsamling av data, kan gjennomførast personleg eller ved hjelp av ulike medium

K

kampanjeplan
plan for marknadsføringsaktivitetar for ein periode
kjerneproduktet
behovet som blir dekt når du kjøper eit produkt. Kjerneproduktet er den inste motivasjonen din for kjøpet.
kjøpsprosessen
dei fasane forbrukarar går gjennom før, under og etter eit kjøp. Først oppstår behovet, så byrjar vi å søke informasjon om produktet og vurdere alternativ. Til slutt kjøper vi eit produkt og bedømmer det. Etter kjøpet deler vi gjerne erfaringane våre med kjøpet fleire stader, som i sosiale medium eller på nettsida til bedrifta.
kjøpte kanalar
betalte kommunikasjonskanalar, som kjøpt reklame
kommunikasjonsprosess
overføring av ein bestemd bodskap frå ein avsendar til ein mottakar. Eit døme er Voss Vann som formidlar ein bodskap om at dei produserer og sel eksklusivt flaskevatn.
kommunikasjonsstrategi
ein heilskapleg plan over kommunikasjonstiltak for korleis ei bedrift skal nå målgruppene sine, korleis dei skal forme ut bodskapen sin og kva kanalar dei skal formidle bodskapen i
konkurransebasert prissetjing
prissetjing der vi bestemmer prisen ut frå kva konkurrentane tek for tilsvarande produkt
konkurransemiddel
strategiske verkemiddel som bedrifter bruker for å posisjonere seg i marknaden. Desse blir òg kalla dei fem P-ar, som står for produkt, pris, påverknad (marknadskommunikasjon), plass (distribusjon) og personale.
konverterar
Å konvertere betyr å gjere om eller endre. Her betyr det å gjere om frå eit klikk på ein annonse til eit besøk på ein nettstad og kanskje òg til eit kjøp.
konsistens
kor godt produktgruppene heng saman
kortreist
karakteriserer produkt som er produserte lokalt. Dette har ei rekke miljøfordelar, som mindre transport, og økonomisk vekst i lokalmiljøet.
kostnadsbasert prissetjing
utrekning av salspris ut frå kostnader
kultur
verdiar, haldningar, normer og aktivitetar som er felles hos ei gruppe menneske
kunstig intelligens
å sortere data og løyse problem gjennom bruk av teknologi. Mange oppgåver som tidlegare ville kravd menneskeleg intelligens, kan no løysast av maskiner. Ei av dei vanlegaste formene for kunstig intelligens i dag kallast maskinlæring.
kvalitative undersøkingar
undersøkingar som blir brukte for å samle inn kvalitative data, der målet med undersøkinga til dømes kan vere å oppnå djupneekunnskap om meiningar, haldningar eller ønske
kvantitative undersøkingar
undersøkingar der det først og fremst blir innhenta informasjon som er kvantifiserbar, altså som kan teljast og gjerast om til tal og statistikk

L

leiing
Ein leiar jobbar for å nå målet for verksemda gjennom medarbeidarane sine. Å styre, vedta og ta ansvar for både resultat og hendingar er sentralt i all leiing.
leiarstil
åtferdsmønsteret til leiaren og måten leiaren forheld seg til menneske og oppgåver. Vi deler ofte inn i tre hovudformer for leiarstilar: autoritær, "la det skure" og demokratisk.
likviditet
evna til å betale rekningar ved forfall
logistikk
Logistikk dreier seg om å styre vareflyten mest mogleg effektivt, med god service og så låge kostnader som mogleg.
Logo
eit grafisk objekt som kan seiast å vere signaturen og identitetsberaren for ei verksemd
Logos
appellforma som står for sak og fakta

M

marknad
samling av kjøparar og seljarar som møtest og forhandlar om eitt eller fleire produkt
marknadsdel
del av ein bestemd marknad
marknadsbasert prissetjing
utrekning av salspris ut frå kva marknaden er villig til å betale, betalingsviljen til kundane
marknadsfokusering
ein prisstrategi der vi prøver å selje til den delen av marknaden som har høgast betalingsvilje. Marknadsfokusering er dermed ein høgprisstrategi.
marknadsføring
alle dei aktivitetane som bidreg til å skape, formidle og levere varer, tenester og idear som har verdi for kundar og samfunnet samla sett. Marknadsføring handlar om å forstå og dekke behov i marknaden.
marknadsføringsleiing
planlegging, gjennomføring og kontroll av marknadsføringsaktivitetar. Marknadsføringsleiing skal bidra til å skape, formidle og levere varer, tenester og idear som har verdi for kundar og samfunnet samla sett.
marknadsføringslova
Marknadsføringslova regulerer korleis marknadsføring skal gå føre seg. Til dømes skal reklame alltid merkast viss det er fare for at han kan oppfattast som redaksjonelt stoff.
marknadskommunikasjon
overføring av ein marknadsføringsbodskap frå ei verksemd til ein mottakar
marknadsmiks
måten ei verksemd bruker og kombinerer konkurransemidla på
marknadsmål
mål verksemda set for marknadsføringsarbeidet, med utgangspunkt i konkurransemidlane produkt, distribusjon, pris, marknadskommunikasjon og eventuelt personale
marknadsplan
plan for å styre og koordinere tiltaka i marknadsføringa. Marknadsplanar blir utarbeidde for ein bestemd tidsperiode, til dømes eitt år
marknadsrådet
statleg forvaltningsorgan som behandlar klagar på avgjerder eller vedtak gjort av Forbrukartilsynet. Klagesakene Marknadsrådet behandlar, kan mellom anna gjelde brot av marknadsføringslova.
marknadssegmentering
skille mellom ulike typar kjøparar i marknaden og dele dei inn i grupper, ut frå visse fellestrekk. Det finst mange måtar å segmentere marknader på, som til dømes kjønn, alder, bustad og interesser.
marknadsstrategi
strategiske avgjerder knytte til val av målgrupper og måten ei verksemd bruker og kombinerer konkurransemidlane på, for å nå måla sine
marknadsundersøkingar
undersøkingar av marknaden. Marknadsundersøkingar skjer ved hjelp av innsamling og analyse av data om marknaden.
mediemiks
samansetninga av kommunikasjonskanalar
mellomledd
distributørar, som til dømes grossistar og detaljistar, som bidreg til å få produkt ut til kundane
merkeelement
synlege element som omgir ei merkevare, som til dømes logo, slagord, sjølve merkenamnet og designet. Merkeelement gjer forbrukarane i stand til å kjenne igjen og forbinde noko med merket.
merkekjennskap
gjenkjenning av eit merke
merkekunnskap
kunnskap, assosiasjonar og oppfatning om eit merke
merkepersonlegdom
korleis ulike personlegdomstrekk kan assosierast med eit merke
merkevare
eit produkt som blir selt under eit innarbeidd merke. Merket skaper gjenkjenning og oppnår tilleggsfordelar hos forbrukarane i kraft av merket
merkevarebygging
Ei merkevare blir ikkje til av seg sjølv, men er eit resultat av ein prosess over tid. Når vi strategisk bygger merke slik at dei blir tillagd verdi, får det tilleggsfordelar og kjennskapen til dei aukar.
merkeverdi
tilleggsfordelar som forbrukarar tillegg produktet i kraft av merket
motivasjon
faktorar som aktiverer, gir retning og held oppe åtferd, altså drivkrafta og energien som driv fram handlingane våre
mål
ein ønskt tilstand eller eit ønskt resultat på eit framtidig tidspunkt
målgrupper
utvalde segment
målgruppeval
Velje ut attraktive og lønnsame segment

N

nøytral prisstrategi
prisstrategi der bedrifta vel å setje prisen på same nivå som konkurrentane

O

observasjon
marknadsundersøking som dreier seg om å observere åtferd hos forbrukarane
ope spørsmål
spørsmål som er utforma slik at den som svarer ikkje kan svare med eit “ja”, “nei” eller enkeltord
opinionleiar
ein person som har innverknad på andre sine haldningar eller påverkar avgjerdene deira. Internettprofilar med mange følgjarar kan karakteriserast som digitale opinionleiarar.
opphavsrett
den retten forfattarar, komponistar, fotografar og andre opphavarar har til verka sine. Opphavsretten gir den som har laga åndsverket einerett til å bestemme over produktet sitt.
opphavsrettsmerking
Opphavsrettsmerking med © viser kven som har opphavsrett til ein tekst eller eit bilete.
organiske søk
ubetalt søketrafikk frå søkemotorar, der dei mest relevante søkeresultata kjem øvst
overordna mål
langsiktige og strategiske mål, som er med på å realisere visjonen for ei verksemd og ein forretningsidé

P

patos
appellform som speler på kjenslene til mottakarane
persepsjon
korleis vi vel ut, tolkar og organiserer sanseinntrykk
populasjon
I marknadsføringssamanheng: gruppe av menneske som vi ønsker å finne ut litt meir om ved hjelp av ei undersøking.
populærkultur
ei nemning på noko som fenger store delar av ei befolkning. Døme er ein song eller ein film som spreier seg og blir godt kjend og populær.
presentasjonseigenskapar
evna kommunikasjonskanalen har til å presentere bodskapen. Dette kan dreie seg om til dømes teknisk kvalitet, fargar, lyd, plassering og tidspunkt.
primærundersøking
undersøkingar som inneber at vi hentar inn nye data og får ny informasjon. Slike undersøkingar kan òg kallast feltundersøkingar.
pris
den verdien som skal til for at eit produkt skal skifte eigar
prisdifferensiering
strategi der vi set ulik pris på same produkt, til ulike kundegrupper
prisinntrengingsstrategi
prisstrategi der verksemder set ein låg pris i introduksjonsfasen for å komme inn på marknaden med produkta sine og selje flest mogleg produkt
produkt
alt ein kan tilby ein marknad for merksemd, eige, bruk eller forbruk, og som kan tilfredsstille eit ønske eller eit behov. Produkt kan vere alt frå konkrete varer til immaterielle tenester og idear.
produktlivsløp
Produkt har ei viss levetid på marknaden, og går gjennom ulike stadium i eit livsløp. Etter at eit produkt er utvikla og lansert, går eit produkt gjennom dei fire fasane introduksjon, vekst, modning og tilbakegang.
produktgruppe
produkt som dekker det same behovet, og som blir selde gjennom tilsvarande kanalar. Merkevara Jordan har tannbørstar og andre munnhygieneprodukt, oppvaskbørstar og målarverktøy som produktgruppene sine.
produktsanering
når eit produkt blir fjerna frå sortimentet og teke ut av marknaden
produktsortiment
det samla talet produktgrupper og produktvariantar ein seljar tilbyr i ein marknad
produktutvikling
prosessen frå idéutvikling til produktet blir lansert
produktvariantar
ulike typar av produkt i ei produktgruppe. Ullgenserar, collegegenserar og hettegenserar er døme på nokre produktvariantar innanfor produktgruppa genserar i ein klesbutikk.
psykografisk segmentering
å segmentere etter kriterium som personlegdom, livsstil, interesser, meiningar, haldningar og verdiar
psykologisk prissetjing
prissetjingmetode der det er vanleg å justere prisen til ein psykologisk riktig pris, som speler på kjenslene til forbrukarane. Det er til dømes lettare å selje ein genser for kr 199 enn kr 200.

R

rabatt
prisavslag som blir brukt som påskjønning og verkemiddel ovanfor kundar, som til dømes "Kjøp tre – betal for to"
reaksjonseigenskapar
evna kommunikasjonskanalen ha til å framkalle reaksjonar
referansegruppe
ei gruppe menneske som har direkte eller indirekte innverknad på haldningane og åtferda vår
regelverk
heilskap av lover og reglar.
remarketing
å vise ein annonse til dei som allereie har besøkt nettstaden din
respondent
ein person som svarer på ei marknadsundersøking
rolle
summen av dei normene og forventningane som knyter seg til ei bestemd oppgåve eller posisjon

S

salsfremjande tiltak
tiltak for å stimulere til sal
samfunnsansvar
ansvaret bedrifter har for måten dei driv verksemda si på, knytt til sosiale, økonomiske og miljømessige forhold
segment
ein del av ein heilskap
segmentering
Vi deler opp ein heilskap i delar. Ved å segmentere kan vi skilje mellom ulike typar kjøparar i marknaden, og dele dei inn i grupper ut frå visse fellestrekk. Det finst mange måtar å segmentere marknader på, som til dømes kjønn, alder, bustad og interesser.
sekundærundersøkingar
å gå gjennom og bruke data som allereie er tilgjengeleg, blir òg kalla skrivebordsundersøkingar
selektiv distribusjon
handlar om å velje ut eit visst tal utsalsstader
sjølvkostkalkyle
ein priskalkyle som tek utgangspunkt i kostnadene av produktet. Han bereknar òg sjølvkost, som er den prisen som akkurat dekker kostnadene ved produktet.
sjølvservice
bruk av teknologi som gjer at kunden sjølv kan utføre serviceoppgåver, som informasjonsinnhenting, bestillingar og betalingar
service
Ei tilleggsyting som blir i tillegg levert til sjølve produktet, og som gir verdi for forbrukaren
sirkulær verdikjede
ei verdikjede der alle ressursar blir utnytta lengst mogleg, ved mellom anna gjenbruk og resirkulering
sirkulær økonomi
I ein sirkulær økonomi må produkta vare så lenge som mogleg og bli reparerte, oppgraderte og nytta om igjen. Når produkta ikkje kan nyttast om igjen i si opphavlege form, kan avfallet materialgjenvinnast og brukast som råvarer inn i ny produksjon. Ved å nytte produkt og avfall om igjen, blir dei same ressursane utnytta fleire gonger og minst mogleg går tapt.
situasjonsanalyse
ein analyse av nosituasjonen til ei verksemd. Ein situasjonsanalyse kartlegg kva dei sterke og svake sidene til verksemda er, og kva moglegheiter og truslar som ho må ta omsyn til.
skumme-fløyten-strategi
prisstrategi der vi vel høg pris og sel til den delen av marknaden som har høgast betalingsvilje
sortiment
det samla talet produktgrupper og produktvariantar ein seljar tilbyr i ein marknad
Sortimentsbreidd
talet på ulike produktgrupper ei verksemd tilbyr
sortimentsdjupne
talet på ulike produkt eller variantar av produkt som finst innanfor ein og same produktgruppe
stordriftsfordelar
Det å produsere mange varer eller tenester er billigare per produserte eining enn om vi produserer i mindre skala.
strategi
plan/middel for å nå eit mål
subkultur
Ein subkultur er ei kulturform som er ei underart av ein utbreidd kultur. Subkulturar tek gjerne avstand frå den dominerande kulturen i samfunnet.
SWOT-analyse
situasjonsanalyse som summerer opp verksemda sine svakheiter, moglegheiter og truslar

T

teneste
type produkt som skil seg frå varer ved at dei er immaterielle eller abstrakte. Tenester som ein treningstime på eit treningssenter blir produsert og konsumert samtidig.
transformative appellar
ein strategi for utforming av bodskap i marknadskommunikasjon, der bodskapen ikkje er direkte knytt til produktet og dei fordelane og eigenskapane det har. Slike appellar kan til dømes prøve å vekke kjensler hos mottakaren.

U

utval
gruppe av menneske som representerer populasjonen

V

vare
konkrete gjenstandar vi kan ta og kjenne på, som til dømes joggesko
varemerke
eit særleg kjenneteikn for varene eller tenestene for ei verksemd, eigna til å skilje varer og tenester frå andre. Dette kan til dømes vere merkenamn og logo.
varemerkelova
lov som mellom anna har reglar om vern og registrering av varemerke.
verdibasert prissetjing
ein prissetjingsmetode der vi utnyttar betalingsviljen i marknaden, ved å setje prisen så høgt som vi trur at marknaden, det vil seie kundane, er villig til å betale
verdikjede
prosessen gjennom alle ledda til eit produkt, frå råvarer til forbrukaren kvittar seg med produktet
verksemd
Ei verksemd er ein organisasjon, eit føretak eller ei bedrift som sel eller yter varer og tenester.
visjon
verksemda si "draum om framtida". Visjonen skal seie noko om kva retning verksemda ønsker å jobbe mot. Vi kan seie at visjonen skal vere ei leiestjerne, ein vegvisar.

Ø

økologisk fotavtrykk
eit uttrykk for kor mykje vi belastar jordas økosystem for å halde oppe levestandarden vår

Å

åndsverk
litterære eller kunstnariske verk av alle artar, som er uttrykk for original og individuell skapande åndsinnsats
åndsverkslova
lov som skal verne om og oppmuntre til produksjon av åndsverk
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 20.08.2021

Læringsressursar

Studietips og eksamenstrening