Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Villbrygg

Her er eit forslag til ein førebuingsdel de kan bruke som øving til ein eventuell munnleg eksamen i marknadsføring og leiing 1.
To aluminiumsboksar med Villbrygg-drikke. Boksen til venstre, med namnet Glimt, har smak av jordbær, basilikum og sitronskal. Boksen til høgre, med namnet Flyt, har smak av  hylleblom og koriander. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Case: Villbrygg

Denne førebuingsdelen kan vere fin å bruke som om han skulle vore ein reell munnleg eksamen – så langt det let seg gjere. Sjå retningslinjer for munnleg eksamen nedanfor.

Retningslinjer for munnleg eksamen

To vyrkedagar før eksamen får du som elev vite at du er trekt ut i faget.

Munnleg eksamen er todelt og består av

  • Førebuingstid: 24 timar

  • Eksamenstid: inntil 30 minutt

På førebuingsdagen møter du på skulen og trekker ein førebuingsdel. I tillegg får du utdelt relevante kompetansemål frå læreplanen og vurderingskriterium. Dette gir deg eit utgangspunkt til å førebu deg til munnleg eksamen, men du får ikkje få vite kva spørsmål som skal brukast under sjølve eksamen. På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne.

Du vel sjølv om du vil førebu ein presentasjon til eksamensdagen. Presentasjonen kan utgjere inntil 10 minutt av eksamenstida. Dersom du vel å innleie eksamen med ein presentasjon, skal ikkje eit eventuelt produkt som er laga i førebuingstida bli vurdert i seg sjølv. Kompetansen du viser munnleg gjennom ein presentasjon, blir vurdert saman med etterfølgande oppfølgingsspørsmål og fagsamtale.

Eksamenstida er inntil 30 minutt. På eksamensdagen kan du ta med notat frå førebuingsdagen og ulike hjelpemiddel som er relevante for å gjennomføre ein eventuell presentasjon. Fagsamtalen føregår utan hjelpemiddel og tek i hovudsak utgangspunkt i kompetansemål knytte til casen som blei gitt i førebuingsdelen.

Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla, som blei gitte i førebuingsdelen, og vurderingskriterium. Karakteren skal skal vere ei heilskapsvurdering av kompetansen slik han kjem fram på eksamen.

Kompetansemål:

  • velge og bruke kilder, markedsførings- og ledelsesteorier og modeller i arbeid med faglige spørsmål, emner og dagsaktuelle problemstillinger

  • utvikle forretningsideer og mål for virksomheten og vurdere aktuelle målgrupper

  • utforske produkt- og merkevarestrategier og vurdere hvordan virksomheter bruker produkter som konkurransemiddel

  • utforske ulike distribusjonsstrategier i markedsføring og vurdere hvordan virksomheter bruker distribusjon som konkurransemiddel

  • reflektere over og vurdere rollen til personalet og ledelsen i gjennomføring av virksomhetens markedsføringsstrategi

  • utforske og vurdere hvordan virksomheter kombinerer bruk av konkurransemidler

Relatert innhald

Døme på ein førebuingsdel knytt opp mot Sleepers, som kan vere nyttig å bruke som øving til ein eventuell munnleg eksamen.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2023

Læringsressursar

Studietips og eksamenstrening