Hopp til innhald

Fagstoff

Munnleg eksamen

Her får du informasjon om korleis munnleg eksamen i marknadsføring og leiing 1 føregår, og tips til korleis du kan førebu deg.
Elev snakkar med lærar. Dei sit ved ein pult med oppslåtte bøker og pc. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rammer for munnleg eksamen

To vyrkedagar før eksamen får du vite at du er trekt ut i faget.

Munnleg eksamen er todelt og består av

• Førebuingstid: 24 timar

• Eksamenstid: inntil 30 minutt

Førebuing

På førebuingsdagen møter du på skulen og trekker eit oppgåvesett som består av ei situasjonsskildring, problemstilling eller ein case som dekker fleire kjerneelement og relevante kompetansemål frå læreplanen. Relevante kompetansemål frå læreplanen og vurderingskriterium blir gitte saman med førebuingsdelen. Dette gir deg eit utgangspunkt for førebuinga til munnleg eksamen. Du skal elles ikkje få vite kva spørsmål som skal brukast under sjølve eksamen.

Vidare vel du sjølv om du vil førebu ein presentasjon til eksamensdagen. Presentasjonen kan utgjere inntil 10 minutt av eksamenstida. På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne.

Eit tips i førebuingstida til munnleg eksamen er å øve på å snakke deg gjennom det du vil seie, og som du tenker kan vere relevant å snakke om på eksamensdagen. Snakk høgt til deg sjølv, gjerne mens du ser deg i spegelen. Det kan òg vere fint å få andre til å stille deg faglege og relevante spørsmål på bakgrunn av førebuingsdelen. Be gjerne om nokre tilbakemeldingar og tips til korleis du formulerer deg og formidlar fagstoffet.

To elevar sit inne på eit bibliotek og jobbar konsentrert. Den eine eleven sit bøygd over pc-en med haka på kryssa armar. Den andre eleven les i ei bok. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjennomføring av eksamen

Eksamenstida er inntil 30 minutt. På eksamensdagen kan du ta med notat frå førebuingsdagen og ulike hjelpemiddel som er relevante for å gjennomføre ein eventuell presentasjon. Fagsamtalen føregår utan hjelpemiddel.

Dersom du vel å ha ein presentasjon, kan denne utgjere inntil 10 minutt. Du får deretter oppfølgingsspørsmål til presentasjonen. Resten av eksamen er ein fagsamtale som kan omfatte alle kompetansemåla knytte til den aktuelle situasjonsskildringa, problemstillinga eller casen.

Viss du vel å ikkje ha ein presentasjon, startar fagsamtalen med ein gong. Faglærar er normalt eksaminator, og eksamineringa blir leia av eksaminator. Sensor skal vere ekstern og komme frå ein annan skule. Sensor skal i hovudsak ha ei lyttande rolle og ta notat under eksaminasjonen, men sensor kan òg stille spørsmål.

Tenk over

Kva meiner du kan vere fordelar og ulemper med å velje presentasjon på munnleg eksamen?

Vurdering

Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla i læreplanen for programfaget marknadsføring og leiing 1 (Udir) og vurderingskriterium. Her er eit forslag til vurderingskriterium til munnleg eksamen. Karakteren skal vere ei heilskapsvurdering av kompetansen din slik han kjem fram på eksamen.

Dersom du vel å innleie eksamen med ein presentasjon, skal ikkje eit eventuelt produkt som er laga i førebuingstida bli vurdert i seg sjølv. Kompetansen du viser munnleg gjennom presentasjonen din på eksamensdagen, blir vurdert saman med oppfølgingsspørsmål og fagsamtalen.

Relatert innhald

Døme på ein førebuingsdel knytt opp mot Sleepers, som kan vere nyttig å bruke som øving til ein eventuell munnleg eksamen.

Døme på ein førebuingsdel knytt opp mot Villbrygg, som kan vere nyttig å bruke som øving til ein eventuell munnleg eksamen.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2023

Læringsressursar

Studietips og eksamenstrening