Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Eksamenstrening

Oppgåve

Villbrygg

Her er eit forslag til ein førebuingsdel de kan bruke som øving til ein eventuell munnleg eksamen i marknadsføring og leiing 1.

Case – Villbrygg

Denne førebuingsdelen kan vere fin å bruke som om han skulle vore ein reell munnleg eksamen – så langt det let seg gjere. Sjå situasjonsbeskriving, retningslinjer for munnleg eksamen og kompetansemål nedanfor.

Situasjonsbeskriving

Villbrygg er ein norsk produsent av alkoholfri, botanisk drikk basert på ville vekstar og økologiske råvarer. Idéen oppstod i 2018 då gründerane Vanessa Krogh og Cornelia Øiestad ønskte å skape eit alternativ til tradisjonelle alkoholhaldige drikkar – men utan å gå på kompromiss med smak og oppleving. Drikkane er utvikla gjennom fermentering og infusjon av nordiske plantar, urter og bær, noko som gir komplekse smaksprofilar med tørr, ikkje søt karakter og friske, naturlege aromaer. Produkta er laga utan kunstige tilsetjingsstoff og med så lite tilsett sukker som mogleg. Villbrygg tilbyr ei rekke variantar med ulike smakskombinasjonar. Ta utgangspunkt i informasjon om Villbryggs nyskapande drikke på nettsida deira.

Retningslinjer for munnleg eksamen

Munnleg eksamen er todelt og består av

  • Førebuingstid: 24 timar

  • Eksamenstid: inntil 30 minutt

På førebuingsdagen møter du på skulen og trekker ein førebuingsdel. I tillegg får du utdelt relevante kompetansemål frå læreplanen og vurderingskriterium. Dette gir deg eit utgangspunkt til å førebu deg til munnleg eksamen, men du får ikkje få vite kva spørsmål som skal brukast under sjølve eksamen. På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne.

Du vel sjølv om du vil førebu ein presentasjon til eksamensdagen. Presentasjonen kan utgjere inntil 10 minutt av eksamenstida. Dersom du vel å innleie eksamen med ein presentasjon, skal ikkje eit eventuelt produkt som er laga i førebuingstida bli vurdert i seg sjølv. Kompetansen du viser munnleg gjennom ein presentasjon, blir vurdert saman med etterfølgande oppfølgingsspørsmål og fagsamtale.

Eksamenstida er inntil 30 minutt. På eksamensdagen kan du ta med notat frå førebuingsdagen og ulike hjelpemiddel som er relevante for å gjennomføre ein eventuell presentasjon. Fagsamtalen føregår utan hjelpemiddel og tek i hovudsak utgangspunkt i kompetansemål knytte til casen som blei gitt i førebuingsdelen.

Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla, som blei gitte i førebuingsdelen, og vurderingskriterium. Karakteren skal vere ei heilskapsvurdering av kompetansen slik han kjem fram på eksamen.

Kompetansemål

  • velge og bruke kilder, markedsførings- og ledelsesteorier og modeller i arbeid med faglige spørsmål, emner og dagsaktuelle problemstillinger

  • utvikle forretningsideer og mål for virksomheten og vurdere aktuelle målgrupper

  • utforske produkt- og merkevarestrategier og vurdere hvordan virksomheter bruker produkter som konkurransemiddel

  • utforske ulike distribusjonsstrategier i markedsføring og vurdere hvordan virksomheter bruker distribusjon som konkurransemiddel

  • reflektere over og vurdere rollen til personalet og ledelsen i gjennomføring av virksomhetens markedsføringsstrategi

  • utforske og vurdere hvordan virksomheter kombinerer bruk av konkurransemidler

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 26.03.2026