Hopp til innhald
Fagartikkel

Tverrfaglege opplegg om digitale spor og personvern

Digitale spor og personvern er tema som er spesielt relevante i dei tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring og demokrati og medborgarskap. Her finn du ulike tverrfaglege opplegg knytte til desse emna.

Hekta? Eit kodekammer om den digitale kvardagen din

Kvardagen vår er prega av digitale dingsar, algoritmar og stordata. Korleis skal vi forstå og vere kritiske til dette mylderet av teknologi som omgir oss heile tida?

Gjennom å spele kodekammeret "Hekta?" skal du bli meir klar over ulike perspektiv på den digitale kvardagen din. Eit kodekammer er eit rom der vi må løyse nokre kodar for å komme oss vidare. Kodekammeret "Hekta?" består av fire rom. Romma tek for seg fire ulike perspektiv: teknologien, hjernen, det sosiale og pengane.

I etterarbeidet skal de fordjupe dykk meir i dei ulike perspektiva. Etterpå skal de løyse ulike praktiske casar ved hjelp av dei fire perspektiva. Dette jobbar de saman om i grupper.

Heile opplegget til spelet finn du her: Hekta? Eit kodekammer om den digitale kvardagen din.

Denne læringsressursen er utvikla i samarbeid med Medietilsynet.

Ung på sosiale medium

Sosiale medium kan påverke korleis du har det. Og korleis du har det, kan påverke bruken av sosiale medium. Utforsk positive og negative sider ved sosiale medium og bli meir bevisst din eigen bruk av dei i kvardagen.

Ofte får dei moglege negative sidene ved sosiale medium mest merksemd i media. Men skal vi få eit rett bilete, må vi òg ta med dei mange positive sidene sosiale medium kan ha.

I dette emnet skal du utforske ulike sider ved sosiale medium. Vi har samla mange ulike oppgåver i ein læringssti, og denne kan gjennomførast i løpet av to skuletimar. Læringsstien er tverrfagleg og kan brukast i mange ulike fag. Han eignar seg godt som introduksjon til temaet sosiale medium.

Oppgåvene i denne læringstien er ein del av folkehelseprosjektet "Helsefremmende miljø på sosiale medium", som er utvikla av Bergen kommune, Vestland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet.

Ung på sosiale medium