Ung på sosiale medium
Ungdommar bruker sosiale medium på mange ulike måtar. Dei held kontakt med venner, chattar, speler online dataspel og utvekslar informasjon.
Bruk av sosiale medium blant ungdom kan henge saman med den psykiske helsa og trivselen deira. Sosiale medium kan påverke korleis vi har det. Og korleis vi har det, kan påverke bruken av sosiale medium.
Ofte får dei moglege negative sidene ved sosiale medium mest merksemd i media. Men skal vi få eit rett bilete, må vi òg ta med dei mange positive sidene sosiale medium kan ha.
I dette emnet skal du utforske ulike sider ved sosiale medium. Vi har samla mange ulike oppgåver i ein læringssti, og denne kan gjennomførast i løpet av to skuletimar. I denne læringsstien skal du
reflektere over din eigen og andre ungdommar sin bruk av sosiale medium
få kunnskap om korleis sosiale medium kan henge saman med korleis du og andre ungdommar har det
diskutere positive og negative sider ved sosiale medium
reflektere over korleis vi kan få til betre åtferd på sosiale medium
Denne læringsstien er tverrfagleg og kan brukast i mange ulike fag. Han eignar seg godt som ein introduksjon til temaet Sosiale medium.
Oppgåvene i denne læringstien er ein del av folkehelseprosjektet "Helsefremmende miljø på sosiale medium", som er utvikla av Bergen kommune, Vestland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet.
Frå 2019 til 2022 gjennomførte Bergen kommune, Vestland fylkeskommune og Folkehelseinstuttet ei stor kartlegging av ungdommar sin bruk av sosiale medium. Undervisningsopplegget i dette emnet er basert på denne kunnskapen og har blitt utforma i tett dialog med ungdommar som deltok i prosjektet.