Trivsel på sosiale medium
CC BY-SA 4.0Korleis påverkar sosiale medium deg? Sosiale medium er ein viktig del av livet til mange ungdommar. Utforsk positive og negative sider ved sosiale medium og bli meir bevisst din eigen bruk av sosiale medium i kvardagen.
I denne læringstien skal du
- reflektere over din eigen og andre ungdommar sin bruk av sosiale medium
- få kunnskap om korleis sosiale medium kan påverke deg og andre ungdommar
- diskutere positive og negative sider ved sosiale medium
- reflektere over korleis vi kan få til betre åtferd på sosiale medium
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet Sosiale medium.