Kafédialog om sosiale medium
Forarbeid:
Klassen blir delt inn i grupper på fem elevar, og alle gruppene får sitt eige bord.
På borda er A3-ark og skrivesaker/teiknesaker tilgjengelege.
Alle gruppene må ha tilgang til mobil, nettbrett eller datamaskin for å sjå temafilmane.
Oppgåve
Kvar gruppe skal velje eit tema frå lista nedanfor. Det er 14 ulike tema å velje mellom.
Sjå videoen som høyrer til temaet.
Diskuter refleksjonsspørsmåla som høyrer til.
Skriv ned stikkord frå samtalen rundt bordet.
Vel deretter eit nytt tema. Kvar gruppe kan velje 2–3 ulike tema.
Tema
1. Heile verda er eit tastetrykk unna
Mange har kontinuerleg kontakt med venner på sosiale medium i løpet av dagen. Kva kan vere fordelar og ulemper med det?
Kva erfaring har de med å få venner gjennom sosiale medium? På kva måte gjer sosiale medium det lettare å møte nye menneske?
Kva synest de om å bli kontakta av framande på sosiale medium? Kva gjer de viss det skjer, og de ikkje ønsker å svare tilbake?
2. Reglar og normer på sosiale medium
Mange føler at dei må like og kommentere alt det venner legg ut på sosiale medium. Kvifor trur de at det kan vere slik for nokon?
Kva reglar eller normer for åtferd på sosiale medium finst i klassen eller vennegjengen dykkar? Er det noko de skulle ønske var annleis? I i så fall – på kva måte?
På kva måte skil sosiale medium seg frå "verkelegheita"? Kan vi gjere eller seie andre ting på sosiale medium enn vi kan elles? Korleis? Kvifor?
3. Oppfører folk seg dårlegare på sosiale medium?
Korleis opplever de folk si åtferd på sosiale medium?
Kvifor trur de det å vere anonym, eller kjenne seg anonym, kan få folk til å oppføre seg annleis?
Kva skal til for å få eit godt sosialt miljø på sosiale medium?
På kva måte blir jenter behandla annleis enn gutar på sosiale medium?
4. Fordelar og ulemper ved å vere på sosiale medium
På sosiale medium kan de følge med på kva som skjer blant venner. Kva er positivt og negativt med det?
Kva er positivt og negativt med at de kan gi venner høve til å følge med på det de gjer (til dømes ved hjelp av SnapMap)? Opplever de at det er forventa at de gir andre ei slik moglegheit? Kva tenker de om det?
Vi kan få veldig mange snaps, meldingar og andre "notifications" på sosiale medium. Somme vel å setje mobilen på lydlaus eller "ikkje forstyrr", til dømes når dei skal sove. Korleis stiller de dykk til aktiviteten på sosiale medium, og kvifor gjer de det slik?
Kva hadde de sakna viss de var utan sosiale medium ein heil dag? Er det noko de ikkje hadde sakna, som de gjerne kunne vore forutan?
5. Popularitet og status på sosiale medium
På sosiale medium er det lett å sjå kven som er venner med kven, kor mange likes folk får på det dei legg ut og andre indikatorar på kor "populær" ein er. Kva kan vere ulemper med dette? Har det nokon fordelar? I så fall – kva for nokon?
Kvifor trur de at nokon er meir opptekne av likes, kommentarar og følgarar enn andre?
Kva med private "stories" eller lukka grupper? På kva måte kan desse bidra til at folk kjenner seg utestengde?
6. Å samanlikne seg sjølv med andre på sosiale medium
Sosiale medium kan gi eit feilaktig bilete av livet til andre, fordi det som blir lagt ut, ofte viser fram når dei har det gøy, er med venner, opplever noko spennande og så vidare. Kva konsekvensar kan dette ha for korleis vi opplever våre eigne liv?
Kva meiner de om redigering og bruk av filter på bilete? Korleis påverkar det dykk?
På kva måte påverkar sosiale medium korleis de tenker om dykk sjølv og utsjånaden dykkar, både positivt og negativt?
På kva måte kan sosiale medium bidra til meir kroppspress blant ungdom? Korleis kunne sosiale medium ha hjelpt til med å redusere kroppspress i staden?
7. Om det å vere synleg på sosiale medium
Kvifor bruker de SnapMap, eller kvifor bruker de det ikkje? Kva er fordelane og ulempene med SnapMap, og korleis påverkar det dykk å følge med der?
Tenk på dykkar eigne profilar på sosiale medium:
Kvifor eller kvifor ikkje bruker de fullt namn?
Kvifor eller kvifor ikkje har de open profil?
Kvifor eller kvifor ikkje har de fleire profilar/brukarar på same plattforma?
Kva tenker de om at det som blir skrive og posta på sosiale medium ikkje forsvinn?
Kva synest de om å dele vidare noko som har blitt sendt til dykk personleg? Er det greitt? Når er det eventuelt ikkje greitt?
8. Sosiale medium på bekostning av noko anna
På kva måte opplever de at bruken av sosiale medium går ut over andre ting i livet? Kva skulle de ønske de prioriterte i staden for sosiale medium?
Opplever de at telefonen hindrar dykk i å vere til stades og merksame på det som er eller skjer rundt dykk? Kva tenker de om det?
Korleis opplever de det sjølv når andre tek opp telefonen og "gløymer" at de er der?
9. Gaming som sosial arena
Korleis kan gaming påverke det sosiale livet?
Kva kan vere positivt og negativt med gaming?
Somme vaksne ser på gaming som bortkasta tid. Kva synest de om det? Kva synest de sjølv?
Kvifor trur de at gaming er meir populært blant gutar enn blant jenter?
10. Ein sosial arena du må vere på
Kor viktig er det for dykk å vere på sosiale medium, og kvifor er det slik?
På kva måte kan de oppleve press om å vere tilgjengelege og aktive på sosiale medium?
Korleis ville det vore å vere mindre aktiv på sosiale medium? Kva konsekvensar ville det hatt?
Kjenner de andre som bruker sosiale medium meir eller mindre enn dykk? Kva synest de om det?
11. Sjølvpresentasjon på sosiale medium
Kor viktig er det for dykk og vennekretsen dykkar å få likes eller følgarar? Kvifor er det slik?
Kva ønsker de å formidle om dykk sjølv på sosiale medium? Korleis varierer dette på tvers av plattformer?
Kva tenker de om at folk bruker mykje tid og energi på det dei legg ut på sosiale medium?
Kor viktig for dykk er måten ein verkar på på sosiale medium?
Kvifor er det viktig eller uviktig?
12. Underhaldning og avhengnad
Mange ungdommar bruker sosiale medium til underhaldning. Kva synest de er mest underhaldande på sosiale medium?
Somme ungdommar bruker sosiale medium svært mykje og føler at dei har blitt avhengige.
På kva måte opplever de at sosiale medium kan vere avhengnadsskapande?
Kva burde vore annleis ved sosiale medium for å unngå at folk blei avhengige?
Har de prøvd å bruke mindre tid på sosiale medium?
Kva gjorde de då?
Korleis fungerte det?
13. Når sosiale medium kan gi tryggleik
Somme synest det er lettare å snakke om vanskelege ting gjennom sosiale medium eller tekstmeldingar.
Kvifor trur de det kan vere slik?
Kva kan vere fordelar og ulemper med å ta opp vanskelege ting gjennom sosiale medium?
Korleis kjennest det når de ikkje har mobilen i nærleiken? Kvifor trur de at det er slik?
Somme bruker telefonen til å distrahere seg sjølv frå vanskelege tankar og kjensler.
Gjer de det?
På kva måte, og korleis fungerer det?
Kva kan vere fordelar og ulemper med det?
14. Refleksjonar rundt eigen bruk av sosiale medium
Korleis har bruken dykkar endra seg sidan de byrja med sosiale medium?
Somme ungdommar fortel at dei har blitt meir "robuste" med alderen – at dei ikkje blir like påverka av sosiale medium som då dei gjekk på ungdomsskulen.
Korleis er dette for dykk?
Kva skulle de ønske de visste i byrjinga?
Korleis synest de sjølv de blir påverka av sosiale medium?
Kva strategiar har de for å unngå å bli forstyrra av mobilen?
Kva – om noko – ønsker de å endre på med eigen bruk av sosiale medium? Kvifor?