Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis bruker vi sosiale medium?

Korleis bruker du og klassekameratane dine sosiale medium? Sosiale medium har både positive og negative sider. Jo meir bevisst du er din eigen bruk, jo lettare er det å bruke sosiale medium på ein god måte.
Tre blide ungdommar sit saman og snakkar. Foto

Målet med å diskutere sosiale medium er å bli bevisst både dei positive og negative sidene ved media. Det er òg å lære noko om korleis kvar enkelt av oss kan bidra til eit betre miljø og meir positiv aktivitet og åtferd på sosiale medium.

De vil få større utbytte av diskusjonen viss de er opne og ærlege, men de skal ikkje utlevere noko som er for personleg. Det er òg viktig å gjere kvarandre trygge på at det som skjer i klassen, ikkje blir delt med andre etter timane.

Diskusjonsoppgåve

Set dykk gjerne i ein hestesko eller ein ring i klassen og diskuter:

  • Er sosiale medium viktig for dykk?

  • Kva for nokre sosiale medium bruker de?

  • Kor lenge har de brukt sosiale medium?

  • Kva bruker de mest?

  • Kva liker de best?

CC BY-SARettshavar: Folkehelseprosjektet Helsefremmende miljø på sosial medier, Bergen kommune 2019-2022
Sist fagleg oppdatert 07.11.2022

Læringsressursar

Ung på sosiale medium