Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sosiale medium: Refleksjon og tips

Korleis kan vi få til positiv åtferd på sosiale medium? I desse oppgåvene skal du reflektere over korleis de bruker sosiale medium. Deretter skal de lage nokre konkrete tips til korleis ungdommar kan bidra til eit meir positivt miljø på sosiale medium.
Ei hand på eit tastatur. Foto.

Refleksjonsnotat

Skriv eit kort refleksjonsnotat om korleis du og andre ungdommar bruker sosiale medium. Forslag til refleksjonspunkt:

  • Korleis bruker ungdommar sosiale medium i dag?

  • Kva for sosiale medium er viktigast for ungdom? Kvifor trur du akkurat desse er mest populære?

  • Kva er positive og negative sider ved sosiale medium?

  • Korleis kan vi få til betre åtferd på sosiale medium?

Tips til meir positiv åtferd på sosiale medium

Jobb saman i grupper.

  1. Bli einige om fem tips til positiv åtferd på sosiale medium.

  2. Skriv tipsa ned på eit ark og heng dei opp i klasserommet.

  3. Del tipsa og det de har diskutert i gruppene med resten av klassen.

CC BY-SARettshavar: Folkehelseprosjektet Helsefremmende miljø på sosial medier, Bergen kommune 2019-2022
Sist fagleg oppdatert 23.11.2022

Læringsressursar

Ung på sosiale medium